Hopp til innhold

Aggressive fuglar skremmer VM-stjerner på medaljejakt

Fleire sykkelprofilar har blitt jaga, skremde og angripne av fuglar under sykkel-VM i Australia. Norsk stjerne er likevel ikkje bekymra før fellesstarten i natt.

Mollema

JAGA: Bauke Mollema har møtt på fleire aggressive fuglar under opphaldet sitt i Australia. Her frå ei treningsøkt.

Foto: Instagram/@baukemollema

Det var ei hending med Bauke Mollema her som var litt bisarr, seier Noregs sykkelstjerne Sven Erik Bystrøm til NRK.

Nordmannen siktar til ein video av den nederlandske sykkelstjerna som har gått viralt dei siste dagane.

Mollema køyrde ei treningsøkthan vart angripen og skremd av skjor i meisterskapsbyen Wollongong i Australia. I lagtemporittet som følgde, vart han angripen av ein måse.

Og nederlendaren er ikkje den einaste som har fått kjenne på fuglane si vreide. Remco Evenepoel fekk også erfare eit fugleangrep under ei treningsøkt tidlegare i meisterskapen.

– Ei ganske stor skjære kom veldig nær meg og følgde etter meg. Det var skremmande, sa belgiaren til cyclingnews.com.

APTOPIX Spain Cycling La Vuelta

STJERNE: – Eg er redd for dei, har den nybakte vinnaren av Vuelta a España sagt om dei australske fuglane.

Foto: Manu Fernandez / AP

Må trekkje seg unna

Fleire ryttarar har også opplevd aggressive fuglar, og då spesielt måsar og skjor under opphaldet sitt i Australia.

Men kvifor angrip dei ryttarane, har mange spurde seg? Svaret er ganske naturleg, ifølgje fugleekspert.

Det er nemleg paringssesong for dei australske fuglane. Viss dei føler at ungane deira er trua kan dei bli aggressive.

Sommerkveld

HØST-YR: Måsane er territorielle i løpet av paringssesongen, som gjer syklistar utsetje, siger ein lokal veterinær til radiostasjonen Wawe FM.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Viss ein måse angrip, så er det fordi dei har ungar veldig nært som dei forsvarer. Det beste er å trekkje seg litt unna, rår Ingar Jostein Øien til NRK.

Han er fagsjef i Birdlife Noreg. Øien meiner fuglane er midt i hekketida og kan reagere sterkt viss folk kjem for nær.

Det er sjeldan at dei går til fysisk angrep. Viss måsar blir sinna stuper dei gjerne ned, skrik og flyg over hovuda til folk. Dei er som regel ein halvmeter unna og flyg opp igjen. Det kan vere skremmande i seg sjølv, men det sjeldan at dei går til fysisk angrep.

– Korleis skal ryttarane handtere dette?

Eg skjønner at dei kan komme ut av balanse og bli forstyrra av det, men det gjeld berre å halde hovudet kaldt, seier Øien, som tilrår at ein trekkjer seg unna raskt.

Det dummaste du gjer, er å bli ståande på same flekken, seier han.

Ikkje bekymra

Bystrøm er ein av seks norske ryttarar som stiller til start på fellesstarten søndag den 24. september i Helensburgh. Han er ikkje bekymra for at fuglar skal setje ein stoppar for Noregs medaljemoglegheiter.

NM sykkel fellestart

KLAR: Bystrøm er klar for fellesstarten søndag, forhåpentlegvis utan aggressive fuglar til stades.

Foto: Geir Olsen / NTB

Eg bekymrar meg veldig lite eigentleg. Viss eg skulle tenkt for mykje på det, hadde det vore heilt feil fokus.

Det norske laget bur vel ein time sør for vertskapsbyen Wollongong, og har ifølgje Bystrøm ikkje opplevd trøbbel med verken måsar eller skjor. Han innrømmer at dei ler mest av situasjonen, men legg til at dei er klare viss noko skulle skje.

Vi har jo sett bilete og videoar frå andre lag, så då er vi litt førebudd i kvart fall.

Siste nytt

  • Storhamar videre i mesterligaen – slo tysk topplag

    Storhamar måtte vinne i ordinær tid for å være sikret mer spill i Champions Hockey League. Under press ble Pinguins Bremerhaven slått 2-1.

    I kampen som var en ren finale om avansement til åttedelsfinalene, sto Axel Sandnes og Sander Dilling Hurrød fram med hver sin scoring.

    Storhamar ledet 2-0 i egen hall etter snaut en halvtime. Etter det spilte Petter Thorense menn på resultat og holdt akkurat unna.

    Med under seks minutter igjen skjøt Jan Urbas inn den tyske reduseringen.

    Storhamar vant tre av seks kamper i ligaspillet, og med ni poeng er klubben garantert å ende blant de 16 beste på tabellen.

    Forrige sesong tok Pinguins Bremerhaven seg til kvartfinale i mesterligaen. Laget er for tiden nummer tre i hjemlig serie i Tyskland.

    (NTB)

     Petter Thoresen og Storhamar
    Foto: Terje Bendiksby / NTB
  • Norges neste motstander sviktet mot tabelljumbo Moldova

    Med seier over Estland på Ullevaal stadion 13. november, vil Norge trolig kunne tape med nærmere ti mål mot Italia i den siste kampen og likevel bli gruppevinner i VM-kvalifiseringen. Det vil i så fall bety at Norge er direkte kvalifisert for neste års VM-sluttspill.

    Og landslagssjef Ståle Solbakken blir neppe vettskremt når han setter seg ned for å se opptaket av Estlands siste kamp før møtet med Norge.

    Tirsdag kveld klarte Estland nemlig bare 1–1 i VM-kvalifiseringskampen mot Moldova hjemme i Tallinn. Mattias Käit ga esterne ledelsen etter 12 minutter, før Stefan Bodisteanu utlignet og sørget for poengdeling etter 64 minutters spill.

    Dette var Moldovas aller første poeng i kvalifiseringen. Norge slo Moldova 5–0 borte – og hele 11–1 på Ullevaal.

    Estland
    Foto: Reuters
  • Nicolai Budkov Kjær ute av Stockholm Open

    Nicolai Budkov Kjær (19) viste gode takter selv om det ble umiddelbar exit mot tennisprofilen Marin Cilic i Stockholm Open.

    Bygdøy-mannen tapte 1.-rundeoppgjøret med settsifrene 5-7, 3-6. På veien hadde han mye godt backhandspill, men greide ikke å stoppe rutinerte Cilic.

    Nylig vant unggutten sin fjerde tittel på challenger-nivå, nivået under ATP. Han er for tiden oppe på 136.-plass på verdensrankingen.

    – Han har spilt kjempegodt i det siste. Han er på vei mot topp 100, sa tennisekspert og -kommentator Christer Francke til NTB tidligere i måneden.

    Cilic møter Casper Ruud i neste runde av den svenske hardcourtturneringen. 37 år gamle Cilic vant US Open i 2014 og har 21 titler på ATP-touren.

    (NTB)

    Nicolai Budkov Kjær
    Foto: Lise Åserud / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal