Aleksander Aamodt Kilde var raskest av de norske under tirsdagens utfortrening i Kitzbühel med en 3.-plass. Aksel Lund Svindal kjørte ned til en 7.-plass, mens Kjetil Jansrud endte på en 16.-plass i gjennomkjøringen. Christof Innerhofer var raskest.
Solfrid Koanda tok ein sensasjonell norsk bronse i vektløfting i EM i Moskva laurdag. Ho løfta 135 kilo i støt. Inga norsk kvinne har nokosinne tidlegare løfta så mykje i støt.
Koanda løfter i 87-kilosklassen.
– Dette er veldig stort, seier generalsekretær Arne Grostad i vektløftarforbundet til NRK.
I rykk løfta ho 100 kilo og blei nummer fem.
– Med så kort fartstid som vektløftar gir dette håp om endå betre prestasjonar framover, skriv forbundet på si nettside.
– Berre detaljar står att før Zlatan Ibrahimovic signerer ny kontrakt med Milan, seier klubbdirektør Paolo Maldini.
Svensken, som fyller 40 i oktober, har kontrakt ut sesongen, men med opsjon på forlenging til sommaren 2022. Det er denne opsjonen som no treuleg blir ein realitet.
Han får hovudæra for å ha gjort Milan til ein tittelkandidat sidan han kom tilbake til klubben i januar i fjor. Han er toppscorar med 15 mål på dei 16 kampane han har spela denne sesongen.
Milan har ikkje vunne Serie A sidan 2011, då også med Ibrahimovic på laget.
Milan er nummer to på tabellen, 11 poeng bak byrival Inter før dagens runde.
Mohamed Elyounoussi var giganten då Celtic slo Livingston 6-0. To scoringar og ei målgivande pasning blei fasiten.
På Celtics femte mål fekk han i tillegg hjelp av Kristoffer Ajer. Midtstopparen tok med seg ballen frå eigen banehalvdel og slapp han vidare til Elyounoussi etter å ha sprunge nesten inn i gjestane sitt straffefelt.
Celtic, skotsk meister dei siste ni åra, har allereie tapt ligameisterskapet til erkerival Rangers denne sesongen.