CERA er ein kunstig versjon av bloddop-middelet EPO, også kalla tredjegenerasjons EPO. Og før Tour de France i 2008 var knapt idrettsverda merksam på stoffet.
Fire syklistar vart tatt då:
- Moises Duenas
- Manuel Beltran
- Riccardo Ricco
- Emmanuele Sella
Fem OL-utvarar vart avslørte etter leikane i Beijing i 2008. Den eine var kappgjengar Athanasia Tsoumeleka, gullvinnar frå OL i Athen i 2004.
I Beijing var ho dopa, men vart likevel berre nummer ni på 20 km, der Kjersti Tysse Plätzer tok sølv.
Tysse Plätzer var på høgdetrening saman med resten av verdseliten før OL i 2008. Der var også Tsourmeleka.
- Vi var sju jenter som låg på same treningsnivå, 17 timar i veka. Men Tsoumeleka klarte seg med under halvparten - sju timar i veka. Det syntes eg nok var litt mistenkeleg med tanke på at hon var ein gullkandidat, sa Tysse Plätzer.
Desse vart avslørte under og rett etter OL:
- Rashid Ramzi (gullvinnar 1500 m friidrett), Bahrain
- Davide Rebellin (sølv sykling) , Italia
- Stefan Schumacher (sykling) , Tyskland
- Vanja Perisic (800 m friidrett), Kroatia
Alle desse alva positive prøver på CERA. Gullvinnar Tsourmela vart seinare utestengt frå VM i Berlin i fjor.
Stoffet har truleg vore misbrukt i to-tre tiår, men nokon påliteleg test vart ikkje oppfunnen før utpå 2000-talet.
Fleire tidlegare syklistar har i ettertid vedgått bruk av kunstig EPO, mellom dei den danske Tour de France-vinnaren Bjarne Riis.
Andre kappgjengarar som er tekne:
- I februar i år blei kappgjengar og sølvvinnar frå 2004-OL, Javier Fernandez (Spania) utestengd i to år for innehav av EPO, og får heller ikkje delta under OL i London i 2012.
- Fem russiske kappgjengarar blei dopingtekne (EPO) før og under Beijing-OL. Alle fekk to års utestenging:
- Sergei Morozov, Viktor Burayev, Vladimir Kanaikin, Igor Yerokhin and Alexei Voevodin
- Valerij Borsjin: regjerande OL-meister og tidlegare dømd til eitt års utestenging for EPO-bruk.
Her er lista over friidrettsutøvarar som er utestengde for ymse former for doping akkurat no, og den lista er lang.