Petit hadde solide fem timars leiing ut frå sjekkpunktet Shaktoolik, 221 miles (engelske mil) frå målstreken i Nome i det 1000 miles lange løpet.
Men ute på sjøisen tok to av hundane i spannet brått til å slåst seg imellom, og alle dei ti hundane stansa. Alle nekta plent å gå vidare, og Petit og hundane blei ståande ute på isen i timevis.
– Eg ropte på Joey (den eine av dei to hundane), og alle reagerte, noko som ikkje skal skje, sa Petit, ifølgje Anchorage Daily News.
Utover dagen fauk konkurrentane forbi, men Petits hundar ville ikkje rikke seg. Franskmannen sjølv hadde til slutt ikkje noko anna val enn å bryte løpet og tilkalle transport tilbake til sjekkpunktet.
– Det er ikkje noko fysisk i vegen med hundane Dette sit i hovudet, sa Petit.
Libby Riddles, vinnar i 1985 og med 40 års erfaring med hundespann, er ikkje forundra over det som skjedde.
– Dersom hundane ikkje er glade, kan dei svikte deg. Ofte skal det til berre ein einaste hund som blir sur, så kan det smitte til heile spannet, seier ho. – Og huskyar kan må enkelte måtar vere meir primitive enn andre.
Petits «hundestreik» gir norsk sigersjanse
TITTELFORSVARAR: Joar Leifseth Ulsom vann Iditarod i fjor, og er i posisjon til å forsvare sigeren
Foto: Espen Aarsvold / NRKMed den suverene leiaren ute, opnar sjansane seg for konkurrentane, inkludert fjorårsvinnar Joar Leifseth Ulsom. Ut frå sjekkpunktet Koyuk er han på andreplass, ein time bak Peter Kaiser. Frå Koyuk er det 171 miles til mål. Begge har ni hundar att av dei 14 dei starta med.
Vinnaren går truleg i mål onsdag eller torsdag.
Nicolas Petit blei nummer to i Iditarod i fjor, slått av Ulsom. Året før tok han tredjeplassen, men han har aldri vunne.
Iditarod er det kanskje mest kjende hundesledeløpet i verda, og går frå Anchorage til Nome i Alaska. Rekorden for det 1000 miles (drygt 1600 km) lange løpet er på 8 dagar, 3 timar, 40 minutt og 13 sekund.
I år tek det vesentleg lenger tid fordi mildver og lite snø har gjort forholda vanskelege.