Hopp til innhold

«Alle» vil ha Signe (18): – Ho drit i det

Før seriestarten i helga ligg toppklubbane i Europa langflate etter Signe Gaupset. Men Branns supertalent verken får – eller vil – vite noko om det.

Signe Gaupset på La Manga før Barcelona-kampene i Mesterligaen

HAR BLITT SKJERMA: Både klubb, familie og agent har gjort sitt for å sørge for at Signe Gaupset (18) blir så god som mogleg. – Samtidig vil eg gjere noko media, seier ho til NRK.

Foto: Erlend Martinsen / NRK

– Nei ... Nei.

Ho smiler mysande i den spanske sola. Tenker seg om eit kjapt sekund.

– Eg har ikkje høyrt noko altså. Du må ikkje spørje meg om det der, seier ho.

NRK møter Signe Gaupset på La Manga der ho og Brann-laget førebur seg til seriestarten mot LSK på laurdag.

Berre fire dagar seinare ventar den største kampen i klubbens historie: den NRK-sende heimekampen mot Barcelona i Meisterligaens kvartfinale onsdag 20. mars.

NRK spør om nettopp Barcelona har late høyre frå seg.

Gaupset trekker på skuldrene og svarar som om ho eigentleg ikkje bryr seg.

Ho svarer rett.

Det meiner i alle fall agenten hennar, Jens Wenzl:

– Kva skal ho svare når de i media spør om Barcelona har tatt kontakt? spør han retorisk.

Signe Gaupset - La Manga

VANSKELEG Å FÅ TAK I: Ho har vore vanskeleg å få snakke med både på klubb- og landslag. NRK fekk nokre minutt med henne i Spania.

Foto: Erlend Havsgård Martinsen / NRK

Blir skjerma

Ingenting. Skal vi tru dei næraste støttespelarane hennar, veit ikkje Signe Gaupset stort.

For informasjonen når sjeldan 18-åringen. Det er eit grep agenten nyleg har tatt saman med familien.

– Ho blir informert om noko av det som skjer, men vi styrer det litt. Ein ting er kva vi fortel henne. Ein annan ting er timinga på når vi seier det, seier pappa Ketil Gaupset.

Han er ikkje den første som prøver å hjelpe dottera med å halde fokus. I januar begynte Brann å skjerme ho frå media.

Signe Gaupset - La Manga

SLIT: Frå Meisterligaen sitt gruppespel til si første landslagssamling og rett vidare til La Manga – 18-åringen innrømmer at det har blitt mykje i det siste.

Foto: Erlend Havsgård Martinsen / NRK

Då NRK fekk snakke med 18-åringen på La Manga, var det i nokre ledige minutt mellom trening og skolearbeid.

– Det har blitt litt mykje i det siste, seier Gaupset sjølv.

Ho ser litt todelt på det å bli skjerma.

– Eg synest skjerminga er grei for min del. Då får eg fokusert på det eg kan gjere noko med.

– Samtidig er det læring i å drive med media. Det er noko eg kjem til å gjere mykje framover i karrieren. Eg er vel framleis litt på leit etter den balansen, fortset ho.

Heimanfrå i Molde har far og agent jamleg kontakt. Slik har det eigentleg vore sidan gjennombrotet, som kan seiast å fortsette framleis. For det har blitt nokre milepælar:

Agent: – Over 15 klubbar har tatt kontakt

Pappa Kjetil er sjølvsagt fullt klar over at telefonen til agenten har gått varm. Ifølge teamet rundt Gaupset vil «alle» toppklubbane vil ha signaturen til dotter hans.

Minst 15 ulike toppklubbar frå Europas største ligaer har forhøyrt seg om Signe Gaupset, kan agent Wenzl fortelje.

– Det er heilt spesielt. Det skjer ikkje ofte.

– Eg kan ikkje hugse å ha opplevd så mykje interesse for ein spelar i kvinnefotballen sidan Caroline Graham Hansen før ho drog til Wolfsburg i 2014.

Kva slags klubbar vil ikkje Wenzl avsløre, men:

– Når ein snakkar om toppklubbane i dei beste ligaene i Europa, kan du jo tenke deg sjølv.

«Drit i å bli kopla til storklubbar»

Fram til den nylege skjerminga frå familie og agent, har 18-åringen i brotstykke fått vite kva klubbar som har slått på tråden.

– Men ho drit i det. Det er det som er fantastisk. Ho mister aldri bakkekontakten.

– Dei fleste spelarar ønsker at det skal lekast ut offentleg når ein storklubb koplar seg til namnet ditt. Dei vil bli nemnde i samanheng med store klubbar, fortel agenten.

– Det betyr ingenting for henne, supplerer pappa Ketil.

Han understrekar at dotter hans meir enn alt berre er veldig lykkeleg der ho er.

– Det er til å få tårer i auga av, berre det å tenke på alt som skjer i Brann nå. Sånne ting betyr noko. Det er det som gjer at ho tenker at det er den rette staden å vere vidare.

Signe Gaupset - La Manga

JUVELEN TIL TRENAREN: Martin Ho, trenar for Brann, og Signe Gaupset bruker mykje tid på å snakke. Dette var berre éin av mange gonger NRK observert dei to i personlege samtalar på La Manga.

Foto: Erlend Havsgård Martinsen / NRK

– Ho er unik

NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp har null problem med å tru på beskrivinga til støttespelarane til superstjerna.

– Eg trur på at ho verkeleg ikkje bryr seg om alt det som skjer rundt henne. Ho er unik på fleire måtar. Ho er ekstremt tidleg ute reint fysisk, men også når det gjeld modnad. Hadde nokon sagt at ho var 25 år, ville ingen stussa over det, meiner han.

Han beskriv den enorme interessa rundt spelaren som «ei sjeldan vare».

– Eg har sett nokre utanlandske stjerner med den interessa. Men ein såg ung norsk spelar som alle klubbar vil ha, det er utruleg kult, seier Torp og legg til:

– Det er ganske sjukt å ha ein ung norsk spelar i denne posisjonen. Hadde du spurt meg for nokre år sidan om vi skulle få eit så stort talent som Signe Gaupset, så hadde eg ikkje trudd deg. Det er mot all fornuft.

Signe Gaupset - La Manga

FOKUSERT: Toppklubbane sirklar rundt Signe Gaupset, men fokuset hennar er heilt andre stader. Her i duell med medspelar Natasha Anasi-Erlingsson.

Foto: Erlend Havsgård Martinsen / NRK

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal