Herrem om Romanias storstjerne: – Ho er best i verda

KOLDING/OSLO (NRK): Men likevel kan Camilla Herrem leve godt med at Romania og ikkje Danmark blir Norges semifinale-motstandar.

Cristina Neagu

DEN ALLER BESTE: Cristina Neagu scora 15 mål på 23 skot mot Danmark i kvartfinaken

Foto: DRESLING JENS / Ap

– Det blir utruleg gøy å spele mot dei igjen, sa Camilla Herrem då ho midt under intervjuet med NRK onsdag kveld fekk vite at det blir Romania og ikkje heimelaget Danmark som skal møte Norge i semifinalen fredag.

Romania slo Danmark 31-30 etter ekstraomgangar i kvartfinalen.

Laga møttest også i gruppespelet sist torsdag, og då vann Norge 26-22.

– Dei har nok ei heilt anna innstilling no enn dei hadde då, seier Herrem. – Men vi skal berre gjere det vi har gjort i dei siste kampane, nemleg å springe og å stå godt i forsvar. Det skal Romania få kjenne på, seier Herrem.

– Er du litt skuffa over å ikkje få møte Danmark og 12.000 elleville danskar på tribunen?

– Nei, det skal gå fint det, seier Herrem.

– Neagu er verdas beste

Mot Danmark scora Romanias storstjerne Cristina Neagu 15 av lagets 31 mål. Det skremmer ikkje Camilla Herrem.

– Å, blei det berre 15?, spøker Herrem. – Neida, ho er god. Eg meiner ho er verdas beste. Det er derfor ho kan lage 15 mål i ein så viktig kamp. Men eg gler meg masse til kampen.

Landslagssjef Thorir Hergeirsson ser for seg ein kamp mot eit lag som er betre enn i førre møte.

– Det er eit lag som har utvikla seg gjennom turneringa. Dei har vakse kolossalt, og forstått bodskapen til Thomas Ryde (trenar) om at laget kjem først, det er laget du spelar for. Det har vore deira problem i meisterskap tidlegare.

– Beinhard kamp

Han vil sjå på kva dei kan ta med seg frå gruppekampen.

– Og så må vi sjå på kva dei har gjort i dei to siste kampane, seier landslagssjefen.

Sidan tapet for Norge sist torsdag, har Romania tapt 27-30 for Russland i den siste gruppekampen, men har seinare slått Brasil 25-22 i åttedeslfinalen og altså Danmark 31-30 etter ekstraomgangar i kvartfinalen.

– Det blir ein 50-50 kamp som blir beinhard, seier Thorir Hergeirsson.

Norge - Romania har avkast fredag kl 20.30 og blir sendt direkte på NRK P1.

Siste nytt

  • Her kjører Mowinckel ut

    Ragnhild Mowinckel mistet balansen og kjørte ut i sesongens første verdenscuprenn i utfor i Lake Louise. Alpinisten virket uskadet og reiste seg etter hvert for egen maskin. Maria Therese Tviberg (startnummer 42) imponerte med en foreløpig 13.-plass. Ilka Stuhec leder når drøyt 50 jenter har fullført rennet.

    Ragnhild Mowinckel falt i Lake Loise. Komm.: Ole Kristian Stoltenberg og Bjarne Solbakken.

Sendeplan

Kl. Program Kanal