– Per Ciljan Skjelbred ser ut til å vere det sikraste kortet. Han er den einaste som ser ut til å vere fast på laget, seier kommentator og ekspert på tysk fotball, Eivind Bisgaard Sundet.
Seks nordmenn spelar i år i tysk 1. Bundesliga.
I tillegg til landslagskaptein Skjelbred i Hertha Berlin, er Håvard Nordtveit i gong med sin femte sesong Borussia Mönchengladbach, Tarik Elyounoussi med sin andre i Hoffenheim, Ørjan Nyland har sin fyrste sesong i nyopprykka FC Ingolstadt 04 og Rune Jarstein er Hertha Berlins reservekeeper for andre året.
Bergensaren utan A-landslagskampar, Bård Finne spelar i Köln.
Nordtveit med usikker posisjon
Den tyske serien blei sparka i gong for alvor i dag. Men som eksperten spådde var det berre Per Ciljan Skjelbred som fekk speleminutt. 28-åringen spelte heile kampen då Hertha Berlin tok ein sterk bortesiger mot fjorårets topplag Augsburg.
Håvard Nordtveit har riktig nok karantene, og spelte ikkje då Borussia Mönchengladbach blei nedsabla av Borussia Dortmund på bortebane. Men Bisgaard Sundet trur uansett ikkje haugalendingen vil vere i fyrsteellevaren til den Lucien Favre som leia laget til ein tredjeplass førre sesong.
– Mange med meg er veldig usikre på posisjonen til Nordtveit. Han kjem ikkje til å få spele fast, men sidan Gladbach skal spele Champions League og får eit tett kampprogram trur eg han kjem til å få spele ein del likevel.
– Men han er den norske spelaren som er på det aller høgste nivået i verda no med tanke på klubbtilhøyrigheit, meiner Sundet.
Vere eller ikkje vere for Elyounoussi
Tarik Elyounoussi hadde ein sterk sesongopning i fjor med fire mål på dei sju fyrste kampane. No er det vere eller ikkje vere for Elyounoussi, meiner Sundet.
– Viss han ikkje leverer i haust så kan han forsvinne frå Hoffenheim. Han har presset på seg no som stjernespelaren deira Firmino reiste til Liverpool. Tarik vil få spele, men både han og Nordtveit har langt sterkare konkurranse enn det Skjelbred har i Hertha Berlin.
Elyounoussi var ikkje ein gong på benken då Hoffenheim tapte seriepremieren 1-2 borte mot Bayer Leverkusen. På benken for FC Ingolstadt 04 sat den siste tidas fyrstekeeper på landslaget, Ørjan Håskjold Nyland som Sundet trur vil få sin sjanse.
Men for ein anna landslagskeeper ser situasjonen vanskelegare ut.
– Jarstein er det store unntaket. Det ser vanskeleg ut for han å få speletid i år også, men resten av dei norske vil få sjansane sine i løpet av sesongen, seier Sundet som kommenterer den tyske serien for Eurosport.