Ein skulle kanskje tru det skulle meir til enn ein rift i fingeren for å setje ut ein av våre tøffaste handballspelarar.
– He he, ja eg skulle gjerne spelt, men det er så lett å rive det opp igjen. Da er det fare for infeksjon og da kan du ikkje sy det på nytt. Det er det som er den største utfordringa, ikkje smerta.
– Håpar å vere backup løysing
Myrhol viser handa og riften mellom fingrane som til nå har øydelagt turen til Polen.
– Det er sprokke mellom fingrane, og det er jo opent heilt inn til knokkelen så da tek det litt tid før det gror. Men det er heldigvis ikkje så langt inn i handa som sist, det er veldig positive nyheiter, seier Myrhol som sleit med same skade i haust.
Da tok det fleire veker før han var tilbake, men kapteinen har ikkje gjeve opp å vere tilbake på parketten under EM.
– Det kriblar relativt mykje når ein ser korleis gutane spela i går. Det spørst nok ikkje om ... eg har iallfall lyst til å vere ein backup løysing.
Tvedten: – Trur han kjem til å spele
NRKs ekspert Håvard Tvedten er meir positiv til Myrhols sjansar nå, enn etter Island-kampen. Da meinte at det berre var fem prosents sjanse for at me fekk sjå kapteinen meir i meisterskapet.
– Han spelar nok ikkje mot Kviterussland i morgon, men eg trur fort han kan spele litt ut i meisterskapet. Men viss han spelar er det med teip og det vil hemme han ein del, seier Tvedten som skjønar godt at rifta held han på sidelinja.
– Det er ikkje eit spørsmål om smerte, men heller eit praktisk spørsmål. Den riften kan rivast opp enda meir og alle som har ei hand skjønar vel at det ikkje er optimalt.
Den tidlegare landslagsspelaren trur Myrhol vil vere ein viktig bidragsytar, uansett om han spelar eller ikkje.
– Han bidreg med gode innspel og tilstadevering frå benken slik som i går. Det er viktig for laget, meiner Tvedten.
Norge-Kviterussland kan du høyre frå 18.10 på NRK Sport og NRK P1 i morgon.