Hopp til innhold

– Horneland i samtaler med RBK

Rosenborg, som er på trenerjakt, har hatt samtaler med Haugesund-trener Eirik Horneland, ifølge Adresseavisen. Lokalavisen skriver at RBK-ledelsen møtte treneren denne uka. Samtidig har ikke Adresseavisen fått bekreftet hvilken rolle Rosenborg ønsker Horneland i.

Horneland
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Siste nytt

  • Noreg avslutta VM med tap for USA

    USA blei for sterke for Noreg i den siste kampen i ishockey-VM. Amerikanarane vann 4–2 i eit oppgjer der Noreg hang bra med i alle tre periodar.

    Noreg hadde berga plassen i A-VM allereie i forkant av tysdagens oppgjer i Tammerfors. Dermed hadde ikkje mannskapet til Petter Thoresen all verda å spele for.

    USA var på si side kvartfinaleklare før kampstart etter Sveriges siger mot Latvia tidlegare tysdag.

    USA vann første periode med 2–0. Andreas Martinsen reduserte tidleg i midtperioden, før USA gjekk opp til 3–1.

    Daniel Rokseth reduserte på nytt berre minuttet etter siste pause, men USA scora sitt fjerde i tomt mål 30 sekund før full tid.

    Nortsk hockey-scoring
    Foto: VESA MOILANEN / AFP
  • Tsjekkisk siger trass kjedesvikt

    Tsjekkiske Jan Hirt tok ein sterk seier på den 16. etappen av Giro d'Italia. På det siste fjellet blei rittleiar Richard Caparaz sett under kraftig press.

    Etappen på 202 kilometer frå Salò til Aprica blei innhaldsrik og svært underhaldande. På den siste stigninga blei det kjempa på to frontar, både om etappesigeren og sammenlagtleiinga.

    Til slutt var tsjekkiske Hirt den sterkaste. Han hadde den nederlandske ungguten Thymen Arensman nærmast seg på målstreken. Hirt har vore i brot fleire gonger i årets ritt, utan å bli løna med seier.

    – Det blei vanskelege stunder undervegs. I den siste bakken bytte ikkje sykkelen min gir som han skulle. Kjedet hoppa, men eg ville så gjerne vinne, sa Hirt etter sigeren.

    Carapaz held den rosa leiartrøya. Men forspranget til Hindley er no på berre sju sekund etter at australiaren tok fire bonussekund i målgangen. Carapaz fekk to.

    Jan Hirt
    Foto: JENNIFER LORENZINI / Reuters
  • Gullballen skal delast ut 17. oktober

    Fotballens høgaste utmerking, «Gullballen» blir delt ut i Paris 17. oktober, melder magasinet France Football.

    Frå no av skal prisen delast ut på bakgrunn av prestasjonar i den internasjonale sesongen frå august til juli, ikkje i kalendaråret som før.

    Lista over dei nominerte blir gjort kjend 12. august.

    I fjor vann Lionel Messi og Alexia Putellas, begge frå Barcelona. Ada Hegerberg blei den første kvinnelege vinnaren i 2018.

    Hegerberg, gullballen
    Foto: FRANCK FIFE / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 39 klipp
Sport
Spiller nå
Haalands karriere fra A til NÅ 03:44
Neste