– Dei (DBU) har spurt meg om eg vil ha jobben, seier ein ordknapp Hareide til Kvällsposten fredag.
Ifølgje den svenske avisa blir nordmannen presentert som Danmarks nye landslagssjef etter Malmös møte med Zlatan Ibrahimovic og Paris Saint-Germain i neste veke.
Trass i at tre danske medier har meldt Hareide klar for Danmark-jobben, vil ikkje Hareide bekrefte at han skal over i ny jobb.
– Ingenting er klart. Og eg har lest at det er tre-fire kandidatar som kjempar om jobben, seier Hareide.
– Det er alt eg kan seie. Elles har eg ingen kommentarar om den saken, seier nordmannen.
– Telefonen har gått varm
For 62-åringen er det viktig å få fram at han fokuserer utelukkande på Malmös to siste kampar i meisterligaen.
I neste veke kjem PSG. Siste kamp blir mot Real Madrid i Madrid.
– Då eg skreiv under for Brøndby i april 1999 sa alle at eg ikkje kom til å klare å halde fokus på Helsingborg ut sesongen. Men vi vann gull med Helsingbortg i 1999 og eg synst det fortel korleis eg er i ein slik situasjon.
– Eg er hundre prosent fokusert på å gjøre mitt beste i jobben eg har, seier Hareide.
Men nordmannen innrømmer at det har vore mykje merksemd etter at rykteflommen starta tidlegare denne veka.
– Telefonen har gått varm, og det har velta inn tekstmeldingar, seier Hareide.
– Men eg har ingen kommentar til om eg er klar for Danmark eller ikkje. Vi har ein kjempeviktig kamp onsdag. Vinn vi den har vi ein god sjanse til å gå vidare til Europaligaen, seier Hareide, som var på plass då Danmark spelte uavgjort mot Sverige i København tidlegare denne veka.
Olsen ferdig
I løpet av oppgjøret blei det klart at Danmark ikkje klarte å sikre EM-plass neste år. Like etter nedturen takka landslagssjef Morten Olsen for seg.
No tyder alt på at Hareide blir mannen som skal forsøka å ta danskane til VM i 2018.