– Det er dramatisk for demokratiet og ryggrada i fotballen, seier Arne Knoph, dagleg leiar i Asker Fotball.
Det årlege fotballtinget er norsk fotballs høgaste makt. Det er der lover og reglar blir vedtekne, og etter dagens reglar har alle klubbane i NFF rett til å møte og røyste.
No fryktar breiddefotballen at dei får for lite makt.
– Eg håper verkeleg ikkje forslaget går gjennom, legg Knoph til.
– Dette vil forskyve maktbalansen i fotball-Norge, og det er uheldig, seier Marius Gisvold, styreleiar i 3. divisjonsklubben Ready og styremedlem i Oslo fotballkrets.
– Konsekvensen er at ein fjernar breiddefotballen lenger frå makta, og det går eg ut frå ingen eigentleg ønskjer, seier Gisvold.
I modellen forbundsstyret har sendt ut i tingheftet for årets fotballting, skal dei 1842 medlemslubbane heretter ha maksimalt 246 utsendingar. I dag kan dei sende opptil 1947.
Problemet er at berre eit fåtal av klubbane gjer det. Gjennomsnittleg sju prosent, ifølgje fotballpresident Terje Svendsen.
– Same maktfordeling
Gisvold trur ikkje dette er noko organisert angrep på breiddefotballen, men ein uheldig konsekvens.
– Det er ikkje slik at nokon mister stemmeretten. Men det blir eit anna påmeldingssystem. Vi har basert oss på auka deltaking, betre geografisk representativitet, og same maktfordeling mellom topp og breidde, seier fotballpresidenten til NRK.
Men styret i Norges Fotballforbund ønskjer ikkje at klubbane frå 3. divisjon og nedover lenger skal ha røysterett på fotballtinget. Deira interesser skal fremjast gjennom ein kretsrepresentasjon som avspeglar talet på klubbar i kretsen.
Samstundes bør toppklubbane sikrast god representasjon, meiner styret, som vil at kvar eliteserieklubb og toppserieklubb skal ha to delegatar på tinget.
Fotballstyret ber årets fotballting om fullmakt til å greie ut ny representasjonsmodell.
– Vi skal ha ein debatt om korleis vi skal styrke fotballdemokratiet, seier fotballpresidenten.
Tingdeltaking via Skype?
Readys forslag går ut på at forbundsstyret må greie ut om det er mogeleg å delta og røyste via Skype eller liknande.
– På den måten kan ein få mykje større deltaking på fotballtinget utan å endre på stemmereglane.
Svendsen er ikkje samd:
– Vi har enno ikkje trygge nok løysingar for det. Dessutan har det ein eigenverdi å vere fysisk til stades på tingdrøftingane, seier han.
Knoph ser det på ein annan måte.
– Skal ein ta bort røysteretten berre fordi ikkje alle møter opp alltid? Det handlar om å kunne seie si meining når dei verkeleg viktige tinga kjem opp.
– Vi ønskjer ikkje endringar i reglane. Men sidan NFF-styret legg fram sitt forslag, fann vi å måtte ha eit motforslag. Det viktigaste for oss er å oppretthalde eit system der breiddeklubbane kan møte opp og utgjere eit fleirtal på fotballtinget, meiner Gisvold.