Det er New York Times som har fått fatt i eit dokumnet frå den internasjonale antidopingorganisasjonen WADA. Der går det fram at det ikkje er gode nok bevis til å utestenge 95 av 96 granska utøvarar.
WADA har ikkje stadfesta dette offentleg enno. Dokumentet er ei tilråding til WADAs møte 24. september.
– Vi fann ikkje at bevisa mot dei 95 er sterke nok, skriv WADAs direktør Olivier Niggli i dokumentet.
Rapporten namngir ikkje nokon av utøvarane.
McLaren-rapporten
Ein rapport utarbeidd av professor Richard McLaren i 2016 er kjernen i saka. Den indikerer at så mange som 1000 russiske utøvarar kan ha vore involvert i systematisk og stats-godkjend dopingprogram sidan 2011.
Men Russland har på det sterkaste nekta for doping i statleg regi, og seier at dei arbeider hardt for å slå ned på doping og doping-involverte.
Men mangel på bevis betyr ikkje nødvendigvis at utøvarane er uskuldige, skriv Niggli.
– Systemet var svært godt organisert. Og etter så mange år er tilgangen på bevis ofte svært avgrensa, skriv han.
Også McLaren sjølv sa då han la fram rapporten i fjor at det ville bli vanskeleg å straffeforfølgje dei mistenkte utøvarane, ikkje minst på grunn av det han meinte var Russlands mangel på samarbeid i hans gransking, og fordi Russland skulle ha øydelagt urinprøver.
Alle prøvene McLarens folk granska, hadde blitt juksa med, gjekk det fram av rapporten. Av desse var det 15 medaljevinnarar frå Sotsji-OL.
Omfattande utestenging
Så å seie heile den russiske friidrettstroppen blei utestengd frå Rio-OL i 2016 på grunn av mistankane om systematisk doping. Og Paralympics nekta alle russarane å delta.
I 2016 blei det russiske antidopingbyrået RUSADA diskvalifisert frå antidopingarbeidet, og jobbar framleis for å bli tatt med igjen.
Det var tidlegare leiar for det russiske antidoping-labortaoriet Gregor Rodtsjenkov som slo alarm om den russiske systematiske dopinga. Rodtsjenko rømde frå Russland og har opphalde seg på hemmeleg adresse i USA i over eit år.
Rodtsjenkos advokat kritiserte i New York Times søndag etterforskarane for å ikkje ha teke kontakt med russaren.
– Dei seier at min klient ikkje har vore tilgjengeleg. Men han har heile tida vore villig til å samarbeide, seier advokaten.