Hopp til innhold

30 år sidan Premier League-starten – sjekk dei enorme skilnadane

Gunnar Halle var den einaste nordmannen på bana den dagen Premier League starta opp for nøyaktig 30 år sidan. Utan at han merka så mykje til endringane .

Gunnar Halle

MED FRÅ STARTEN: Gunnar Halle var einaste nordmann på bana då Premier League starta opp for 30 år sidan. Her i aksjon for Oldham mot Fitzroy Simpson og Manchester City.

Foto: Colorsport/REX / Shutterstock editorial

– Nei, for oss spelarar var det ikkje noko merkbar endring. Alt var stort sett det same som sesongen før. Vi oppfatta i alle fall ikkje at vi var med i starten på noko så stort som Premier League skulle bli, seier Gunnar Halle.

Publikum merka heller ikkje så mykje på opningsdagen. Det var dei same laga, dei same reglane, stort sett dei same spelarane, og like mange kampar.

Likevel var den nye ligaen skikkeleg hype. PL-direktør Rick Parry kalla det den viktigaste hendinga på 104 år, det vil seie sidan fotballigaen starta opp i 1888.

Kommentar om den første PL

MEDIEINTERESSE: Om spelarane ikkje merka stort, var det sterke diskusjonar i media om den nye ligaen der pengane skulle styre

Foto: Faksimile / Irish Independent

– Premier League vil tole tidas tann, sa Parry. Han fekk meir rett enn han hadde våga å drøyme om.

Halle var den einaste nordmannen som var på bana då den flunkande nye Premier League starta opp den 15. august 1992 – for nøyaktig 30 år sidan.

Halle spela for Oldham, ein klubb som det i dag er utenkjeleg å assosiere med den engelske toppdivisjonen.

Første nordmann med scoring

Men tidleg på 90-talet var dei med i det gode selskap. Halle kom til klubben i februar 1991, og var med på å hjelpe dei opp i den tids 1. divisjon den sesongen.

Frå august 1992 blei 1. divisjon skilt ut som ein eigen organisasjon og fekk namnet Premier League. Og Halle og vesle Oldham var med.

– Men eg hugsar ikkje at vi reagerte særleg på det. Vi visste sjølvsagt at ligaen no heitte Premier League og var noko nytt. Men for oss spelarane var dét det same som før, seier Halle.

Han spela heile opningskampen mot Chelsea på Stamford Bridge. Kampen enda 1-1, der begge måla kom i dei siste seks minutta av kampen.

Helga etter blei han den første nordmannen som scora i den nye ligaen. Eitt minutt etter pause sende han Oldham opp i 4–0 mot Nottingham Forest. Oldham vann 5-3, og klatra til sjuandeplass på tabellen.

«Gigantisk» TV-avtale

Rupert Murdoch

MEDIEMOGULEN: Den styrtrike medeigaren Rupert Murdoch og hans nye selskap Sky Sports revolusjonerte både TV-dekninga av fotball og inntektene til Premier League

Foto: BEN STANSALL / AFP

Det var fleire grunnar til at dei beste klubbane braut ut av den 104 år gamle Football League og stifta Premier League. Dei hadde fleire gonger tidlegare trua med det, for å ha inntektene sjølve, utan å måtte dele med alle dei andre, som kravet frå ligaen var.

Slutten av 80-talet hadde dessutan vore vanskeleg for engelsk klubbfotball. Pøblar, tribunebråk og fleire større ulykker hadde fått dei utestengde frå Europa.

Då mediemogulen Rupert Murdoch også kom på bana, saman med endringar i britiske medielover, var det tid for TV til å ta over. Murdochs Sky Sports betalte store summar for rettane, og det gav økonomisk grunnlag for den nye ligaen.

304 millionar pund betalte Sky for dei første fem sesongane. Småpengar samanlikna med TV-avtalene i dag, men ein sum som tok pusten frå alle i 1992.

Kvar klubb var garantert 700.000 pund, pluss 175.000 kvar gong dei blei vist direkte på TV. Til samanlikning kunne Newcastle United, i den gamle ligaen den sesongen, berre kassere inn 8000 pund når dei blei vist live på ITV.

Og for å illustrere veksten: 304 millionar pund for fem år i 1992 har vakse til 4,8 milliardar for fire år i 2022. Framleis med Sky Sports i førarsetet.

Ligastart med «mediokre lag»

Ikkje rart at avisene var fulle av pengediskusjonar i dagane før ligastart.

27. mai var 19 klubbar frå gamle 1. divisjon pluss tre opprykkslag frå divisjonen under innmelde i PL, og 15. august var det avspark i dei ni første kampane.

Men det var dei same klubbane og langt på veg dei same managerane og spelarane. Ingen spådde revolusjon over natta.

– Sjeldan har det vore så mange mediokre lag og så stor mangel på talent, skreiv kommentator Peter Ball i Sunday Tribune same dagen som den nye ligaen starta opp.

Fire nordmenn var i stallane til Premier League-klubbar ved oppstarten, men berre Gunnar Halle fekk spele på opningsdagen.

Thorstvedt på benken

Erik Thorstvedt

PÅ BENKEN: Erik Thorstvedt sat på Tottenhams benk då Premier League sparka i gang, men fekk spele og redda straffe i neste runde

Foto: Morten Holm / NTB

Erik Thorstvedt sat på benken hos Tottenham i opningskampen. Han tapte duellen mot Ian Walker om å vere førstekeeper frå starten.

Men i andre kamp, mot Coventry fire dagar seinare, blei Walker skadd. Thorstvedt kom inn, fekk ein halvtime, og redda eit straffespark. Den prestasjonen kopierte han også i kampen etter.

Totalt fekk han 27 ligakampar den første sesongen, to av dei som innbytar.

Men Thorstvedt meiner også å hugse at det ikkje var noko vesentleg ny oppleving å spele i Premier League den første tida, samanlikna med den føregåande sesongen.

– Det var ein del skriveri og mediestyr rundt Premier League på førehand, derfor blei vi innprenta at det ikkje var noko nytt vi skulle bry oss om. Det var det same spelet, dei same reglane, og kontraktane våre var dei same, seier Thorstvedt.

– Suksessen med Premier League kom etter kvart. Der og då merka vi liten skilnad, seier Thorstvedt.

Chelseas Erland Johnsen var skadd i første del av sesongen, og kom ikkje på bana før i januar. Han skulle få 13 kampar i første PL-sesongen

Arsenals Pål Lydersen var langt unna plass på laget. Han kom ikkje på bana i ligakamp før i desember, og fekk åtte kampar.

Gunnar Halle spela dei to første sesongane i Premier League. Det gav 64 kampar og seks ligamål. Han blir rekna som ein av dei viktigaste årsakene til at Oldham overlevde første sesongen i PL.

Retten til å snakke med spelarar og dommarar

Rick Parry

SANNSPÅDD: – Premier League vil tole tidas tann, sa direktør Rick Parry ved starten. Han ante knapt kor rett han skulle få

Foto: Phil Noble / Reuters

Sky Sports' avtale gav fleire kampar på TV enn før. Utan at verken Halle eller Thorstvedt merka så mykje av det.

– Det var trass alt ein del TV-kampar før også, så eg oppfatta ikkje det som noko vesentleg endring, seier Halle.

– Sjølv om TV-hadde kjøpt dyre rettar, var det ikkje mykje fotball samanlikna med det som det har blitt seinare. Det var nok ein auke frå før, men kanskje berre ein kamp eller to frå kvar runde. Det var ingen kamp laurdag klokka halv to eller halv sju, og 16-kampane var freda, så vidt eg kan hugse, seier Thorstvedt.

Han hugsar rett. Den første sesongen fekk Sky lov til å vise totalt 60 ligakampar, og berre på søndagar og måndagar. Dei andre kampane skulle framleis gå til tradisjonelt tidspunkt, laurdag klokka 15 (16 i Noreg).

Den kanskje største TV-nyheita som PL førte med seg frå starten, var retten til å snakke med spelarar og dommarar.

– Derfor må folk førebu seg på at programma etter kampslutt ikkje startar som oppsett i programskjemaet. Dersom vi må vente til sistemann er ute av dusjen for å få snakke med dei mest interessante, så blir det slik, sa Sky Sports' Vic Wakeling.

I satellitt-TV-ens barndom var det heller ikkje alle som hadde råd til å ta inn Sky-kampane. Ei nødvendig parabolantenne kosta sine 200 pund, mykje pengar for ein gjennomsnittleg britisk familie i 1992.

Scora målet som sikra ny kontrakt

Gunnar Halle

FØRST: Gunnar Halle var første nordmann både til å spele og score i Premier League. Han synest det er trist at hans gamle klubb Oldham no har rykka heilt ned til nivå 5

Foto: PETER CZIBORRA / Reuters

Den sesongen spela Gunnar Halle 41 av 42 kampar i ligaen, og scora fem av sine seks PL-mål. Mellom anna det fjerde og siste målet i 4-3-sigeren over Southampton i siste kamp, då Oldham berga plassen på målskilnaden.

Halle er framleis den Oldham-spelaren som har spela flest landskampar. 25 av sine 64 landskampar spela han som Oldham-spelar.

– Med den utviklinga PL har hatt desse 30 åra, er det i dag plass til småklubbar som Oldham i ligaen?

– Det er nok vanskeleg med dei pengekrava som er i ligaen no, men ikkje umogeleg. Klarar ein mindre klubb å reise nok ressursar, både pengar og på andre måtar, er det nok sjansar. Det er fleire klubbar i Championship som satsar godt.

Men for Oldham er vegen tilbake svært lang. Dei siste åra har vore tunge, og i vår rauk klubben frå utkanten av Greater Manchester ut av ligaen og ned i National League, nivå fem.

– Det er litt trist, seier Halle, som i alle år sidan han spela der har følgt klubben og hatt kontakt med mange av folka i klubben.

– Det har vore mykje rot. Men no har dei fått nye eigarar. Kanskje snur det? håpar Gunnar Halle.

Mannen i svart fekk grøn trøye

Dommar Mark Halsey

SVART BLIR GRØNT: Dommarane skulle stille i grøne trøyer då PL tok til, i staden for den tradisjonelle svarte drakta

Foto: STR / Reuters

Nærmast som ein kuriositet skulle dommarane ha grøne trøyer i Premier League. Tidlegare var alltid dommaren «mannen i svart».

– Det var nok for å gi litt ekstra merksemd til at det var ein ny liga, meiner Halle.

Ordninga med faste draktnummer og namn på ryggen skulle også markere PL som ei nyvinning. Men den kom ikkje før året etter. Då fekk Halle fast trøye nummer 7.

Ei anna nyordning – utanfor bana – første PL-sesong var ei «hooligan hotline» til politiet, der tribunebråk kunne meldast inn. Engelsk fotball hadde problem med bråkmakarar i friskt minne, og PL var fast bestemt på nulltoleranse der.

Frykta for konkursras i dei lågare divisjonane dominerte også spådomane når dei store pengemaskinene skulle få alle inntektene åleine.

Den tidlegare Arsenal- og Manchester United-profilen Frank Stapleton var manager for Bradford City. Han delte frykta for pengetørke for småklubbane, men teikna ikkje situasjonen heilsvart.

– Dei rike blir rikare og dei fattige fattigare. Men i det lange løp trur eg også ein del av pengane vil drype nedover i systemet også, sa han.

– For dersom vi (dei mindre klubbane) gjer ein god jobb med å utvikle gode talent, kan vi selje dei til storklubbane for både tre og fire gonger det vi kan i dag.

– Kan få overgangssummar opp til 5 millionar

Han hadde ein annan spådom og:

– Med dei pengane TV sprøyter inn i dei største klubbane, kan vi i løpet av eit par år få spelarovergangar for kanskje opptil 5 millionar pund.

Han fekk rett. Nokså nøyaktig to år seinare, i juli 1994, blei Norwichs Chris Sutton kjøpt av Blackburn for 5 millionar.

Og så har kjøpekarusellen gått raskare og raskare, fram til Manchester City kjøpte Jack Grealish frå Aston Villa for 100 millionar i fjor.

Andre tal fortel også om utviklinga av pengemaskinen Premier League. I 1992–93 var den best betalte spelaren Liverpools John Barnes med ei inntekt på 10.000 pund i veka. I 2020–21 fekk Gareth Bale 560.000 i Tottenham.

Omsetninga i PL i 1992/93 var 170 millionar. I 2020/21 var ho 5,4 milliardar.

Ni kampar på opningsdagen

Ni av dei 11 kampane i opningsrunden blei spela laurdag 15. august. Sheffield Uniteds Brian Deane blei historisk med det aller første målet i den nye ligaen – han scora faktisk begge i 2-1-sigeren over dei som skulle bli den første PL-meisteren, Manchester United.

27 mål blei det scora på dei ni kampane. Mest oppsiktsvekkande var Arsenals 2-4-tap heime for Norwich, etter 2-0-leiing ved pause.

Litt oppsiktsvekkande var også tilskodartala, som ikkje akkurat fortalde om nysgjerrigheit om den nye ligaen.

Ingen av dei ni kampane drog 30.000 til tribunane. Sheffield Uniteds kamp mot Manchester United som så vidt passerte 28.000 var den med mest publikum.

Nottingham – Liverpool (1–0) blei spela søndag, og Manchester City – Queens Park Rangers (1–1) blei spela måndag, og var dei to første live-kampane frå Premier League.

Siste nytt

  • Nagelsmann forlenger med Tyskland

    Julian Nagelsmann har skrevet ny kontrakt som tysk landslagssjef som strekker seg til og med fotball-VM i 2026.

    Det opplyser Tysklands fotballforbund på sitt nettsted.

    Nagelsmann er den siste tiden blitt sterkt koblet til sin tidligere klubb Bayern München, der Thomas Tuchel ikke får fortsette som hovedtrener etter inneværende sesong.

    Forlengelsen med landslaget gjør imidlertid 36-åringen uaktuell for Bayern.

    – Dette er en avgjørelse som kommer fra hjertet. Det er en stor ære å kunne trene landslaget og jobbe med de beste spillerne i landet, sier Nagelsmann. (NTB)

    X5kdFmemwRg
    Foto: AFP
  • Ny landslagsavtale godkjent av styret i Norges Skiforbund

    Styret i Norges Skiforbund godkjente torsdag det fremforhandlede forslaget til ny avtale for utøverne på landslag.

    Det bekrefter generalsekretær Arne Baumann i Norges Skiforbund (NSF) til NRK.

    – Jeg tror dette har vært viktig både for Norges Skiforbund og for hele skiidretten, samarbeidspartnere og for å utvikle skiidretten videre. Og få ro rundt situasjonen om landslagsavtalen, sier Baumann til NRK.

    Innholdet i den oppdaterte landslagsavtalen er diskutert og utarbeidet av et utvalg som blant annet har bestått av utøvere, sportssjefer, tillitsvalgte og samarbeidspartnere.

    – Skistyret har konkludert med at utvalget har gjort en grundig og meget god jobb. Den nye landslagsavtalen, viljen til et godt samarbeid og god kommunikasjon også i tiden som kommer, er avgjørende for at norsk skisport skal utvikle seg slik vi ønsker, sier skipresident Tove Moe Dyrhaug i en pressemelding.

    I pressemeldingen fra NSF sier alpinist Aleksander Aamodt Kilde at dialogen med Skiforbundets ledelse er god og at den nye landslagsavtalen gir et godt grunnlag for den videre prosessen.

    – Den reviderte landslagsavtalen gir bedre forutsigbarhet og tydelighet for alle. Ikke minst med tanke på forståelse og aksept når det gjelder våre Image rights, noe som har vært avgjørende for oss utøvere, sier Kilde.

    Kilde satt i utvalget som alpinistenes representant. Representanen for langrenn, Pål Golberg, mener at arbeidet med utvalget har gitt bedre innsikt og forståelse.

    Det er enighet om å bevare den nevnte utvalget som «utviklingsarena» fremover. Utvalget skal møtes hver vår før skistyret vedtar landslagsavtale for en ny sesong, og nå i høst for å diskutere erfaringene med å etablere de kommersielle manualene i grenene.

    Kilde møter pressen
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Fratatt seieren etter skandalebildene

    NRK skrev tidligere denne uka om den spesielle avslutningen på Beijing halvmaraton.

    He Jie vant løpet, men tilsynelatende etter at hans afrikanske motstandere vinket kineseren frem. Spekulasjonene om løpsfiksing var i gang, og nå har konsekvensene kommet.

    Det er den kinesiske TV-kanalen CCTV som fredag får bekreftet at de tre beste i løpet må levere tilbake sine trofeer og tilbakebetale bonuspenger, ifølge NTB.

    Jies kenyanske konkurrent Willy Mnangat sa etter løpet at han hadde latt kineseren vinne, men endret senere forklaringen sin i et nytt intervju.

    Der påsto Mnangat at han hadde vært hare for Jie.

    – Jeg vet ikke hvorfor de skrev navnet mitt på startnummer i stedet for å skrive hare. Jobben min var å sette farten og hjelpe ham til seier, men dessverre nådde han ikke målet sitt som var kinesisk rekord, forklarte Mnangat.

    Det kinesiske friidrettsforbundet uttalte tidligere denne uken at de hadde møttes i sakens anledning. I en en uttalelse er det lovet forbedringer knyttet til idretten i landet. (NTB/NRK)

    jX7yazqefCE
    Foto: Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal