Hopp til innhold

«Skikkelege» cupfinalar i 100 år

Då Sarpsborg og Brann møttest i cupfinalen for hundre år sidan, hadde dei kome dit etter ein langt tøffare kamp enn tidlegare finalistar. Løna var at dei for første gong fekk spele finalen på gras.

NM i fotball for menn, fra Ullevaal Stadion

14. oktober 1917: Cupfinalen går av stabelen på Stavanger stadion. Finalistane Sarpsborg og Brann har slite seg gjennom fire rundar for å kome så langt. Alle klubbane som spela i det som var definert som A-klassen i sine kretsar, var kvalifiserte til å delta. 32 klubbar var med i første runde.

Året før var berre 13 lag med. Alle hadde blitt kretsmeister først.

Cupmeisterskap hadde det vore i 15 år allereie, sidan den aller første i 1902. Men fram til då hadde berre kretsmeistrane vore kvalifisert. Men fordi det var få kretsar, blei det også få lag med. I dei aller første cupmeisterskapa starta berre fire lag.

Cupfinalen for 100 år sidan var også den aller første som blei spela på gras. Og Brann var første laget utanfor Austlandet som kom til cupfinale.

Dommarbyte og rævva-fotball, omkampar og straffebommar

Årets cupfinale mellom Lillestrøm og Sarpsborg 08 er nummer 112 i rekka av norske cupfinalar for menn. Og dei 111 tidlegare har bode på mange hendingar og episodar. Her er eit knippe:

  • 1902, Grane (Nordstrand) – Odd 2–0. Den aller første finalen blei NM-finale ved ei mistyding. Fire lag skulle spele uttak til ei nordisk turnering. Men ingen frå dei andre landa stilte opp. I ettertid blei derfor Grane utnemnd til den aller første NM-vinnaren.
Odd 1905

Odd var Norges dominerande fotballag tidleg på 1900-talet. dette er vinnarlaget i cupen i 1905

Foto: NTB Scanpix
  • 1909, Lyn – Odd 4–3 eeo. Lyn leia 1–0 ved pause og scora sitt andre tidleg i andre omgang. Odd meinte at det var klar offside og gjekk av bana i protest. NFF løyste problemet der og då ved å restarte andre omgang med ny dommar. Dette var den første finalen som gjekk til ekstraomgangar. – Aldri hadde ei fotballkamp i Kristiania hatt så mange tilskuere, truleg ca. 3000", skreiv Bladet Sport.
  • 1911, Mercantile – Fram 6–0. Fram vann opphavleg 2-1, men hadde brukt ein ulovleg spelar. Otto Christiansen studerte i Trondheim og hadde spela i ein klubb der tidlegare på sesongen. Spel for to klubbar same sesong var ikkje lov på den tid. Finalen måtte spelast på nytt, og det med eit totalt endra resultat.
  • 1917, Sarpsborg – Brann 4–1. Dette var den aller første finalen i eit NM som var ope for alle dei beste laga frå Sør-Norge, og også den første finalen som blei spela på gras. Kampen gjekk i Stavanger. Då Sarpsborg 12 år seinare vann cupen for andre gong, skjedde det også i Stavanger.
  • 1930, Ørn – Drammens BK 4–2. Det var ikkje finalen som var spesielt med cupen dette året, men at det var fleire påmelde lag enn det var plass til. 146 lag ville vere med. NFF plukka ut dei 128 som fekk spele i første runde.
  • 1931, Odd – Mjøndalen 3–1. Odd tok sitt 11. cupmeisterskap. Det skulle bli det siste på nesten 70 år, og markere slutten på Odds tid som stormakt i norsk fotball. Først i 2000 tok Odd sitt neste NM-gull. Med 12 titlar er Odd framleis laget som har vunne flest.
  • 1932, Fredrikstad – Ørn 6–1. Ørn tok leiinga etter 10 minutt, men FFK var suverene og tok sitt aller første cupmeisterskap. Sverre Moe scora fire av måla. NFF innførte kvalifisering før første runde, ettersom 151 lag melde seg på.
  • 1937, Mjøndalen – Odd 4–2. Fem av Mjøndalens cupmeistrar – Roald Amundsen, Trygve Halvorsen, Aage Nilsen, Bjarne Pettersen og Jørgen Hval – tok NM-gull også i bandy same året.
  • 1938, Fredrikstad – Mjøndalen 3–2 eeo. For sjuande året på rad gjekk NM-gullet til enten Fredrikstad eller Mjøndalen. Det var då også nettopp desse to, som dominerte norsk fotball på 30-talet, som møttest i finalen. For FFK var det den fjerde cupfinaletriumfen på like mange forsøk.
  • 1945, Lyn – Fredrikstad 1-1, 1-1, 4–0. Dette var den alle første finalen som gjekk til omkamp, til og med to av dei. Knut Osnes scora Lyns mål i begge dei to første kampane, men ingen i 4-0-sigeren. Den første finalekampen samla 34.162 tilskodarar på Ullevaal. På grunn av samanslåinga av Arbeidernes Idrettsforbund og Norges Idrettsforbund var det heile 344 påmelde lag til den første cupturneringa etter krigen.
Lyns cupfinalelag 1945

Lyns vinnarlag etter to omkampar i 1945

Foto: Knut Ed. Holm
  • 1950, Fredrikstad – Brann 3–0. Branns Gunnar Skagen bomma på straffe, og det skulle gå 47 år før neste straffebom i ein cupfinale. Det nokså nyetablerte seriesystemet skapte krøll for avviklinga av cupkampane, fordi seriefinalen og kvalifiseringa for opprykk til hovudserien skulle gå samstundes med cupens første runde. Derfor fekk Fram, Fredrikstad, Brann, Lisleby, Stavanger, Hamar IL, Odd, Kristiansund, Kvik Trondheim og Geithus walkover i den runden.
  • 1952, Sparta – Solberg 3–2. Kanskje den mest dramatiske snuoperasjonen i cupfinale-historia. Solberg leia lenge 2–0 etter to tidlege sjølvmål av Sparta. Først i det siste kvarteret tok Sparta til å score i rett nett. To straffemål gav utlikning, og Odd Wang Sørensen avgjorde kampen to minutt før full tid. Sparta sytte for det fjerde cupmeisterskapet på fem år til Sarpsborg by. Det femte i denne perioden gjekk til Fredrikstad, og understreka Østfolds ry som fotballfylket i dei første etterkrigsåra.
  • 1956, Skeid – Larvik Turn. Skeid tok sin tredje strake cuptittel, noko ingen andre har gjort etter at NM blei ope i 1917. Ni spelarar – Øyvind Johannessen, Arne Winther, Knut Gudem, Jan Gulbrandsen, Leif Belgen, Finn Gundersen, Hans Nordahl, Harald Hennum og Bernhard Johansen – var med på alle tre cupfinalesigrane.
Skeid 1955

Skeids vinnarlag frå 1955. Ni av spelarane vann også cupen i 1954 og 1956

Foto: Scanpix / NTB scanpix
Se cupfinalen mellom Larvik Turn-Skeid fra 1956
  • 1960, Rosenborg – Odd 3–3 og 3–2. Dette var Rosenborgs inntog og første triumf i norsk toppfotball. Første kamp enda 3-3, og det blei 3–2 i omkampen. Begge kampane gjekk til ekstraomgangar. Eldar Hansen scora fem av Rosenborgs mål – alle tre i den første og to i den andre. Det inkluderte sigersmålet i andre ekstraomgang av omkampen. Over 60.000 tilskodarar såg dei to finalane.
  • 1961, Fredrikstad – Haugar 7–0. Det er største finalesigeren i cuphistoria. Haugar hadde slått topplaga Viking, Skeid, Raufoss og Steinkjer på vegen, men blei spela fullstendig av banen i finalen. Kampen var også den første finalen som blei direktesend på TV.
  • 1962, Gjøvik-Lyn – Vard 2–0. Det var den første finale med to lag utanfor øvste serie. Dei hadde slått Sarpsborg og Rosenborg i semifinalane, og Vard hadde slått sjølvaste Fredrikstad i kvartfinalen. Rolf Bjørn Backe scora begge måla.
  • 1965, Skeid – Frigg 2-2, 1-1, 2–1. Dette var første og hittil einaste finale mellom to lag frå same by. Det var også den andre som gjekk til to omkampar. Pål Sæthrang blei til slutt matchvinnar fem minutt før slutt i den tredje kampen. Men trass i at begge laga var frå Oslo og kampen gjekk på Ullevaal var det berre 36.000 tilskodarar totalt på dei tre kampane. Den siste gjekk 7. november – seinaste datoen for ein cupfinale på 1900-talet.
  • 1967, Lyn – Mjøndalen 3–0. Lyn har vunne serien og blir det første i Norge med "The Double". Olas Dybwad Olsen, Han Berg og Harald Berg scorar måla for det truleg beste Lyn-laget nokosinne, trena av Knut Osnes. Mjøndalen er 2. divisjonslag, men har slått ut sjølvaste Rosenborg i semifinalen.
  • 1969, Strømsgodset – Fredrikstad 2–2 og 5–3. Samla er dette den mest målrike finalen nokosinne. Thorodd Presberg hindra FFK-siger med utlikning i dei siste sekunda av ordinær tid i første kamp. Omkampen gav åtte mål med åtte ulike målscorarar. FFKs keeper Svein "Kula" Halvorsen blei intervjua på tv bak mål medan kampen gjekk føre seg.
  • 1975, Bodø/Glimt – Vard 2–0. Nord-Norge kom med i NM alt i 1963, men dette var første gongen eit lag frå landsdelen kom til finalen. Sturla Solhaug og Arne Hanssen scora måla som sikra Glimt pokalen. Begge laga spela på nest øvste nivå. Dei møttest også i kvaliken om opprykk til eliteserien, der vann Vard 2–1 og rykka opp.
  • 1976, Brann – Sogndal 2–1. For første og hittil einaste gong var eit lag frå nivå 3 klar for finalen. Sogndal hadde slått eliteserieklubbane Viking, HamKam og Start på vegen, i tillegg til divisjonskollega Steinkjer i semifinalen. Brann avgjorde ved Bjørn Tronstad tre minutt før full tid. Men for Sogndal var det gjennombrotet i toppfotballen. Same haust rykka dei opp til nivå 2, og har halde seg på dei to øvste nivåa sidan.
  • 1977, Lillestrøm – Bodø/Glimt 1–0. Dei to beste laga i serien møttest også i cupfinalen, og LSK vann begge i Glimts debutsesong på øvste nivå. Tom Lund scora målet som avgjorde finalen eit kvarter før slutt.
  • 1982, Brann – Molde 3–2. For første gong kunne ein kaptein utan norsk pass løfte kongepokalen. Skotske Neil MacLeod var nivå 2-laget Branns kaptein mot eliteserielaget Molde. Han scora også sigersmålet 13 minutt etter pause.
Steinar Aase scorer mot Sogndal i cupfinalen 1976

Steinar Aase set inn Branns første mot 3.-divisjonslaget Sogndal i 1976

Foto: Paul Owesen / SCANPIX
  • 1984, Fredrikstad – Viking 3–3 og 3–2. Denne finalen blir først og fremst hugsa for ein ting: Per Egil Ahlsens frisparkperle mot Erik Thorstvedt. På stillinga 2–2 seks minutt ut i første ekstraomgang smelte FFK-veteranen til frå 30 meter. Ballen fauk med fynd og klem inn i hjørnet, og den komande landslagskeeperen Erik Thorstvedt rakk ikkje å reagere. Viking utlikna litt seinare, men FFK – nedrykksklar i serien – makta likevel å slå Viking i omkampen.
  • 1985, Lillestrøm – Vålerengen 4–1. Dette blei André Krogsæters finale. Han scora alle fire for LSK, to i kvar omgang, og blei den første firemålsscoraren i ein cupfinale på 53 år.
  • 1986, Tromsø – Lillestrøm 4–1. Seriemeister og cup-meritterte LSK var storfavoritt mot eit TIL-lag som var i ferd med playoff for å overleve i eliteserien. Men frå Nils Solstads langskot via tverrliggaren etter berre eit par minutt var det Tromsø som styrte det meste og vann ein komfortabel siger.
  • 1994, Molde – Lyn 3–2. For tredje gong etter serieomlegginga i 1963 møttest to lag frå nivå 2 i finalen. Men cupen dette året blir kanskje like mykje hugsa for omgrepet "rævva-fotball". Nils Arne Eggen brukte uttrykket for å karakterisere Moldes taktikk i semifinalane. Desse blei spels om heime- og bortekamp på den tid, og Molde vann etter 2–1 heime og 2–2 på Lerkendal. Eggen var ikkje imponert.
  • 1995, Rosenborg – Brann 1–1 og 3–1. Som sju år tidlegare blei det omkamp mellom desse laga i finalen – den siste finalen med omkamp. I omkampen tok Brann leiinga ved Inge Ludvigsen, men Tom Kåre Staurvik, Erik Hoftun og Steffen Iversen snudde til grei RBK-siger og The Double.
  • 1996, Tromsø – Bodø/Glimt 2–1. Den aller første finalen med to lag frå Nord-Norge. Runar Berg sende Glimt i leiinga. Men Ole Martin Årst utlikna med ti minutt igjen, og Sigurd Rushfeldt sikra sigeren for TIL med siste spark på ballen, ti år etter Tromsøs første triumf.
  • 1999, Rosenborg – Brann 2–0. Grei siger for Rosenborg etter to mål av Jan Derek Sørensen. Det historiske ved denne kampen var at den blei flytta frå tradisjonell søndagskamp til laurdag. Årsaka var at Rosenborg skulle spele meisterligakamp tysdagen etterpå.
  • 2005, Molde – Lillestrøm 4–2 eeo. Dette var cupfinale nummer 100. Arild Sundgot utlikna Moldes leiing med siste spark på ballen i ordinær tid. Men Daniel Berg Hestad og innbytar John Andreas Husøy gav playoff-laget Molde jubileumspokalen.
  • 2009, Aalesund – Molde 2-2, 5–4 str. Dette var første cupfinale som blei avgjort på straffer. Mame Biram Diouf gav Molde leiinga to gonger men AaFK utlikna begge, det siste ved Tor Hogne Aarøy seks minutt før ekstraomgangane var over. Innbytar José Mota bomma på Moldes første straffe, før alle dei andre scora på sine.
  • 2010, Strømsgodset – Follo 2–0. Finalen blei ein nokså ordinær kamp, men det var skrellen i semifinalen som gjorde denne cupen minneverdig. Follo frå nivå 2 slo nemleg "uovervinnelege" Rosenborg 3–2 etter ekstraomgangar i semifinalen. Follo karra seg så vidt over nedrykksstreken i 1. divisjon, men måtte likevel ned av økonomiske grunnar.
  • 2012, Hødd – Tromsø 1-1, 5–3 str. Nok ein gong gjekk finalen til straffer, og nok ein gong gjekk sigeren til Sunnmøre. Det blei drama i straffekonken då nest siste skyttar hos begge laga bomma. Men ein ny TIL-bom kombinert med treff av Andreas Rekdal gav nivå 2-laget Hødd sigeren. Hødd overlevde elles i sin divisjon med to plussmåls margin på TILs by-nabo Tromsdalen, som dermed rykka ned.

Siste nytt

  • Amnesty reagerer kraftig – Fifa forsvarer Saudi-avtale

    Amnesty reagerer kraftig på avtalen Fifa har inngått med det saudiarabiske oljeselskapet Aramco. Fifa peker på at den bidrar til global utvikling av fotballen.

    Avtalen mellom saudiarabiske Aramco og Fifa er den siste i rekken av oljestatens involvering i idrett.

    Nyhetsbyrået AP hevder at avtalen er den største Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) har inngått med en sponsor om man regner per år.

    – Vi blir ikke lenger sjokkert over Saudi-Arabias bruk av sport som et PR-verktøy, og Fifa har til gode å imøtekomme bekymringer knyttet til saudiske myndigheters grove brudd på menneskerettighetene, sier prosjektleder Frank Conde Tangberg i Amnesty International til NTB.

    – Fifa har valgt å rulle ut den røde løperen for Saudi-Arabia som VM-vert og sponsor. Vi oppfordrer Fifa til å engasjere seg mer for å ta tak i risikoen knyttet til VM i 2034, sier Tangberg.

    NTB har kontaktet Fifa og spurt om forbundets respons på et samarbeid med Saudi-Arabia og bekymringene om brudd på menneskerettighetene.:

    – I tråd med vedtektene reinvesterer Fifa sine inntekter, inkludert inntektene fra Aramco-sponsingen, i å utvikle fotball over hele verden. Det er forventet at Fifa i 2023–2026 vil investere i overkant av 3,9 milliarder dollar i utvikling og utdanning, opplyser en talsperson i Fifa til NTB.

    – Dette inkluderer «Fifa Forward 3.0», fotballutviklingsfondet og andre initiativ som for eksempel å fremme kvinnefotball, dommerarbeid og teknisk utvikling. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP
  • KBKs Max Williamsen ute resten av sesongen

    Et avrevet korsbånd i venstre kne gjør at sesongen er over for Kristiansunds Max Williamsen.

    Etter 15 minutter i onsdagens cupkamp på Reknesbanen, gikk KBKs høyreback i bakken etter en duell med en Træff-spiller, skriver Tidens Krav.

    – Det er bare å forberede seg på det verste, sa 20-åringen til da han hinket inn i KBK-bussen for å reise hjem til Kristiansund en liten time etter kampslutt.

    Etter MR-undersøkelse torsdag kom bekreftelsen på at 20-åringen ikke kan spille mer fotball denne sesongen. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Kristiansund - KFUM Oslo (1-1)
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
  • City herjet mot Brigthon - Foden hylles etter måldobbel

    Phil Foden storspilte og stjal showet da Manchester City vant 4-0 borte mot Brighton i Premier League.

    Etter storseieren uten Erling Braut Haaland skiller det bare ett poeng opp til serieleder Arsenal, som har én kamp mer spilt. Søndag gjester Pep Guardiolas menn Nottingham Forest.

    Oscar Bobb ble sittende på benken hele kampen.

    City fikk en fantastisk start på kampen da Kevin De Bruyne stanget et innlegg fra Kyle Walker rett i krysset etter bare 17 minutter.

    Ni minutter senere doblet Phil Foden gjestenes ledelse da han slo et frispark via muren og i mål.

    Briten var imidlertid ikke ferdig der. Med ti minutter igjen av omgangen satte han inn sitt andre etter at Brighton rotet det til i forsvar. Bernardo Silva snappet opp ballen og spilte den til City-juvelen, som banket inn 3-0-målet.

    Det var Fodens 50. Premier League-scoring, som fikk en legende til å logge seg på:

    – Er Phil Foden årets spiller? spurte tidenes toppscorer i Premier League, Alan Shearer, på X.

    Etter hvilen fortsatt City målfesten da Julian Alvarez banket inn returen på et skudd fra Walker.

    – Dette er ordentlig stygt for Brighton, men for et signal til resten av verden og Premier League, utbrøt Viaplay-kommentator Eivind Bisgaard Sundet.

    I forkant av målet ropte også vertene på straffe etter at Pascal Gross gikk i bakken i en duell med Rodri. Dommeren vinket imidlertid spillet videre.

    – Jo, dommer. Og jo, VAR. Det er klar og tydelig straffe til Brighton, skrev Viaplay-ekspert Lars Tjærnås på X.

    Det ble også det nærmeste Brighton kom et mål, og de må dermed se seg fornøyd med 11.-plass på tabellen.

    (NTB)

    Bpk8eLb85F0
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal