OL-elden tent i Hellas
OL-elden vart tend i Olympia i Hellas, og no startar turen til vinter-OL i Beijing i februar. Dei 24. vinterleikane i den kinesiske hovudstaden går frå 4. til 20. februar neste år. OL-elden vart tend med ei lupe og av sollyset under den tradisjonelle seremonien, men på grunn av koronapandemien vil det ikkje vere nokon vanleg fakkelstafett denne gongen. I staden vil tre løparar ha kortare løp med flammen på veg til Akropolis i Aten der den vil vere over natta.
Tysdag vil den kinesiske organisasjonskomiteen få overrekt flammen under ein seremoni på Panathenaic stadion som vart brukt til sommarleikane i både 1896 og 2004. Utanfor området hadde demonstrantar møtt opp med tibetanske flagg for å protestere mot Kinas handtering av Tibet. Tre av aktivistane greidde å ta seg inn på området der elden blei tent.