Nesten 16.000 på danske EM-kampar
Det kan bli opp mot 16.000 tilskodarar på dei fire EM-kampane som er lagt til Parken i København.
Det er resultatet av den danske gjenopningsavtalen som den danske regjeringa la fram i natt.
Avtalen gir løyve til 1000 tilskodarar på kvar tribuneseksjon, det vil seie 15.900 totalt.
Danmark skal spele alle sine tre gruppekampar i Parken, mot Finland, Belgia og Russland. Dessutan skal det spelast ein åttedelsfinale der.
Fotball-EM skal spelast i 11 land og opnar 11. juni.