Krisepakke til idretten snart klar
Kulturdepartementet håpar å ha forskrifta om idretten sin krisepakke klar i løpet av veka. Kulturminister Abid Raja har lova 600 millionar i støtte til idretten for tapte inntekter som følgje av avlyste arrangement i kjølvatnet av koronaviruset.
Norges idrettsforbund har også etterlyst strakstiltak som gratis leige av idrettshallar, utbetaling av momskompensasjon og dekning av renteutgifter til idrettsanlegg som idretten sjølv eig.
Kulturministeren har tidlegare sagt at nye tiltakspakkar kan bli aktuelt, men har ikkje gitt eit konkret svar på strakstiltaka frå idrettsforbundet.