Storisger for Lyn i kvalik
Lyn er på god veg til å berge plassen i toppserien etter 5-0 borte mot Fløya i første kvalifiseringskamp. Runa Lillegård scora to mål, Camilla Linberg, Emma Stølen Godø og Noor Eckhoff eitt kvar. Returkampen går i Oslo neste søndag.
Lyn blei nummer 10 i toppserien, medan Fløya vann 1. divisjon. På grunn av reduksjon i talet på lag i toppserien er det ikkje noko lag som rykkjer direkte opp.