Det seier sportsleg leiar for langrennslandslaget Vidar Løfshus til kritikken av langrennslandslaget for menn.
NRKs langrennsekspert Carl-Henning Gran sa tidlegare i dag at laget er
Berre Northug sidan 2008
Ingen nordmenn har vore på pallen i verdscupen hittil i vinter. Og ser vi bort frå Petter Northug, har vi ikkje hatt ein einaste løpar på pallen individuelt sidan 2008.
- Vi siktar mot hovudmålet, som er VM på heimebane i februar-mars. Det betyr at vi ikkje legg like mykje vekt på verdsuprenna no, seier Løfshus til NRK.
"Historisk dårleg nivå", seier tidlegare landslagstrenar Inge Bråten til VG.
Gran tar det vidare:
- Fleire av landslagsløparane er ikkje gode nok til å vere på eit elitelag, seier Gran.
Video: Gran slakter landslaget
- Inga sovepute
- Har Petter Northugs suksess blitt ei sovepute for det norske landslaget?
- Tvert i mot. Vi veit at vi trenar saman med den beste, og det inspirerer, seier Løfshus.
Han er delvis samd i kritikken i at fleire av dei som har vore unge og lovande, har falle frå.
- Det har skjedd med nokre av dei unge, ja. Men vi skal også hugse at vi har eit relativt ungt lag idag. I uthaldenheits-idrett er det vanleg at ein når sitt beste nivå etter fylte 30 år, og Eldar Rønning på 28 er vår eldstemann, seier han.
Manglar respekt?
I dagens VG kritiserer også tidlegare verdsmeister Trude Dybendahl landslaget. Ho mener at dagens trenarar ikkje har den nødvendige respekt, ettersom ingen av dei har sjølve vore toppløparar som aktivt.
- Les:
Det avviser Løfshus.
- Ho kjenner tydelegvis ikkje til kven som er i trenar- og leiar-apparatet. Vi har fleire som har vore i toppen i sin karriere, seier Løfshus til NRK.