- Han har svikta
Tiger Woods har fått mykje ros dei siste dagane for måten han har takla kritikken etter utruskaps-skandalene. Men den profilerte styreformannen Billy Payne er av ei anna oppfatning.
- Helten har svikta oppgåva si som rollemodellen vi trudde han var for borna våre, seier Payne.
Nettradio:
- Det er ikkje omfanget av det han har gjort, som er det verste. Det er at han har svikta oss alle så stygt, legg Payne til.
- Les:
- Les:
Han stiller også spørsmål om Tigers framtid.
Comeback torsdag
- Han har heilt klart ei framtid i golfsporten. Men den framtida blir ikkje som før. Han vil ikkje berre bli målt for resultata på banen, men også for måten han viser vilje til å endre seg, seier Payne.
Tiger Woods gjer comeback torsdag, etter å ha halde seg borte frå golf sidan han vart avslørt som ein svært så utru ektemann i november.
Comebacket skjer i major-turneringa Masters - som foregår nettopp på bana i Augusta, der Payne er styreformann.
Tiger går ut på sin førsterunde klokka 19.42 norsk tid i kveld.