Det var ein offensiv og sprudlande Northug som åleine inntok podiet, ei god stund etter at dei tre andre hadde sagt sitt.
No skal han ete og kvile fram mot 50-kilometeren i klassisk stil.
– Johan Olsson blir den kanskje tøffaste konkurrenten der, seier Northug, som dermed for ein gongs skuld vedgår at han fryktar ein svenske.
– Dario Cologna og Alexander Legkov blir også tøffe konkurrentar der, meiner Northug. – Men eg er i form og er optimist. Hadde eg måtta gå eit par minutt raskare i dag, kunne det vore verre å restituere seg til styrkeprøva søndag, legg han til.
For sluttetappen på stafetten fredag vart veldig mykje prega av taktikk.
Video: Sjå oppløpet i stafetten
– Hadde venta angrep
– Det var den mentale biten som gjaldt i dag. Det var om å gjere å vere på rett plass til rett tid. Fysisk kosta det ikkje stort.
Petter Northug seier han er i toppform no, og at trefte godt i dag. – Eg fekk løpet som eg ville, og hadde fleire gir i innspurten. På slutte var det berre å cruise inn. Når ein er i form, torer ein å vere iskald, seier Northug.
– Eg trur ingen hadde hatt ein sjanse mot meg i dag, uansett taktikk, sa Petter Northug på pressekonferansen etter stafetten fredag.
– Hadde du venta denne utviklinga?
– Eg hadde venta angrep frå svenskane og russarane. Mitt mål var å vere blant dei tre fremste når spurten begynte, og det hadde eg ingen vanskar med, seier den norske ankermannen.
– Leit i dei svenske skogane
Han fortel om eit taktisk spel der alle hadde sine planer, og der det var viktig å vise seg sterk. Det var derfor Northug gjekk opp på sida av svenske Calle Halfvardsson, berre for å sleppe seg ned igjen.
- Les:
– Halfvardsson seier at han skal klare å slå deg?
– Det seier han støtt. "A kid with a dream", er Northugs kommentar.
– Korleis trur du Sverige skal kunne finne ein løpar som kan knekke deg i ein spurt?
– Dei må finne eit stort talent inne i dei svenske skogane, ein med fart og taktomslag, er Northugs råd.