Han har teke ut Vegard Stake Laengen som Hushovds erstattar til OL, etter at Hushovd måndag kunngjorde
.- Vi må gjere det beste ut av det, og Vegard er sterk. Så får vi bygge ein taktikk deretter, seier Kjærgaard.
Det norske laget på landevegsrittet 28. juli blir dermed Edvald Boasson Hagen, Vegard Stake Laengen, Alexander Kristoff og Lars Petter Nordhaug.
Video: Se Gabriel Rasch rased mot uttaket (artikkelen fortsetter)
Reagerer på uttaket
Det har fått Gabriel Rasch til å reagere. Han synest uttaket er rart, og har heller ikkje høyrt noko frå Kjærgaard.
- Det synest eg er rart. Kjærgaard kan ikkje ha følgt med i timen, dette uttaket er inkompetentseier Rasch til NRK.
- Kvifor var Vegard Stake Laengen vald framfor Gabriel Rasch som Hushovds erstattar?
- Vegard er ein svært sterk ryttar som presterer på eit høgt nivå. Han kan brukast i mange hjelperyttar-situasjonar, og har vore sterkare enn Gabriel i heile år, seier Kjærgaard.
- Steffen seier det er ei heilskapsvurdering, men eg har vore kneskadd i vår. Då er det vanskeleg å få køyrt inn resultat, men no er det ikkje våren lenger. Han bør heller sjå på kven som er i best form, meiner Rasch.
Laget redusert utan Hushovd
Kjærgaard vedgår at det norske OL-laget ikkje blir det same når verdsmeisteren frå Melbourne i 2010 ikkje stiller opp.
- Thor har normalt ei avslutning som hadde passa svært godt i løypa i London, og som hadde vore eit trygt kort å spele på i mange situasjonar. No må vi erstatte han med ein annan ryttar som ikkje har den type kaliber eller den type avslutning, seier Kjærgaard til NRK.
Hushovd sjølv fortel til NRK at han hadde håpa på eit anna svar enn det han fekk under rittet i Polen. Og etter fjerde etappe forsto han kva veg det bar.
- Noko er steingale
- Helsa er ikkje bra. Noko er steingale, rett og slett. På treninga har det gått tungt. Eg kom til Polen med
, og så klarar eg ikkje eingong å vere med blant dei 150 beste. I tillegg er det 200 mann som er betre enn det igjen. Det er ikkje godt nok til å dra til OL, seier Hushovd til NRK.Før Tour de Pologne sa han at han håpa og trudde at han skulle få positive svar i løpet av rittet i Polen. Det fekk han ikkje. Snarare tvert imot.
- Eg forstod kvar det bar i løpet av rittet. Etter første etappe håpa eg at det berre var eit sjokk etter at eg ikkje hadde køyrt konkurranse på ei stund. Etter den andre vart eg skeptisk. På den tredje og fjerde forstod eg at noko var feil, og det var vel då eg lengst bak i hovudet mitt forsto at OL blir vanskeleg, seier Hushovd.
- Korleis var det å ta denne avgjerda?
- Det var vanskeleg. OL er spesielt, og at det er i London gjer det også spesielt. Samstundes var det eit stort mål for meg, så det var ei veldig tung avgjerd å ta, seier verdsmeisteren frå Australia i 2010.
- Helsa er det virkigaste
Han veit ikkje kva som er gale. - Eg kan ikkje setje fingeren på noko. Då testane vart tekne, virka det som om viruset eg hadde fått, mest sannsynleg var ute av kroppen. Men det kan vere spor av det i kroppen likevel, og det kan vere det som har sett meg ut. I så fall er det kvile og tid som skal til.
- Det viktigaste no er å få helsa på plass, så får eg sjå fram mot 2013-sesongen, seier Thor Hushovd.