– Det var flaut å sjå på kor lett dei datt. Han strekspelaren på langt over hundre kilo fall som ei lita jente, sa ein småirritert Espen Lie Hansen til NRK etter uavgjortkampen mot Makedonia.
Hansen var irritert på motspelarane, som han meiner filma.
– Du treng ikkje vere rakettforskar for å sjå at dei filma. Og dei fekk betalt for det også, sa Hansen.
Norge låg under i nesten heile kampen, på det meste med fem mål. Men med ein sterk spurt henta dei Makedonia inn att, og kampen enda 31-31.
Video: – Alt blir avgjort mot Frankrike
– Ein sport for menn som held seg på beina
Bjarte Myrhol syntest også at makedonarane fall veldig lett. Mot slutten av kampen kom han i kraftig munnhoggeri med ein motspelar etter ein episode.
– Eg er tilhengar av at handball skal vere ein sport for menn som held seg på beina til dei vart lagt i bakken. Dette vart for mykje filming, sa Myrhol.
Han er som dei andre ikkje nøgd med resultatet. Eitt poeng kan vise seg å vere eitt for lite.
–Men vi klarte å kome igjen så sterkt som vi gjorde. Det var godt gjort, seier Myrhol.
– Kjempe-fightervilje
Landslagssjef Christian Berge ville derimot ikkje skulde på dommarane.
– Vi fekk ikkje noko gratis av dei, men det får vi då også sjeldan. Vi skal heller ikkje gløyme at det er eit lag med gode spelarar, seier han.
Kiril Lazarov vart kampens toppscorar med 11 mål.
– Han er ein veldig god spelar, og det tik tid før vi klarte å stoppe han. Då kom vi også tilbake i kampen. Gutane viste ein kjempe-fightervilje ved å ta poeng etter å ha lege fem mål under så seint i kampen. Den skal vi ta med oss vidare, seier Berge.