Smerz - Bylarm 2021

Catharina Stoltenberg og Henriette Motzfedlt utgjer til saman duoen Smerz.

Foto: Tom Øverlie / NRK P3

Smerz om turné i Russland: – Passe på kva profil ein frontar

Catharina Stoltenberg og Henriette Motzfeldt har skapt ein mystikk som har ført til ei fanskare fleire stadar i verda. Nå er dei Spellemann-nominert.

Mørke. Mystikk. Normbrytande. Overraskande.

Slik kan ein beskrive elektronikaduoen Smerz som består av Catharina Stoltenberg og Henriette Motzfeldt.

Stoltenberg har ein far som kanskje er ein av verdas mest omtalte personar for augeblikket. Men det er ikkje familierelasjonar denne saka skal handle om.

Det skal handle om to kvinner som har opparbeida seg eit namn i elektronikasjangeren, turnert i den vestlege delen av verda og fått ein stor utanlandsk fanbase.

Musikk har nemleg ingen grenser.

Smerz - by:Larm 2016

Catharina Stoltenberg på Bylarm i 2016.

Foto: Tom Øverlie / NRK P3

Nå er dei nominert til Spellemannpris for andre gong i kategorien «Elektronika» for albumet «Believer».

– Ein slik nominasjon har ein verdi, for det gir ei kjensle av at andre set pris på det du skapar. Men du kan ikkje lage musikk med det som hovudformål, seier Catharina Stoltenberg.

– Opna seg roleg opp

Stoltenberg og Motzfeldt har vore gode venar sidan vidaregåande. Dei siste åra har dei hatt base i København der dei har vore del av eit gryande musikkmiljø innanfor elektronisk musikk og eksperimenterande pop.

I starten var musikken ein måte å vere saman på.

Smerz på Munch

Smerz på MUNCH.

Foto: Julie Hrncirová

– Begge er veldig glade i å vere sosiale mens ein jobbar, fortel Stoltenberg.

Etter kvart vart ambisjonane høgare.

Musikken begynte å bety meir for oss, og vi begynte å sjå andre moglegheiter. Det opna seg roleg opp, forklarer Stoltenberg.

– Utfordrar det norske elektronika-uttrykket

I fjor kom debutalbumet «Believer» som fekk gode kritikkar.

Aftenpostens meldar klassifiserte Smerz' musikk som «et potpurri av klassisk, kammermusikk, hiphop, R & B, trance og techno».

Det fortel at duoen held på med noko særeiga, i alle fall i norsk samanheng, fortel Robert Hoftun, som er musikkritikar i Aftenposten.

Robert Hoftun Gjestad

Musikkritikar i Aftenposten, Robert Hoftun.

Foto: Kristin Granbo / NRK

Hoftun fortel vidare at her heime har elektronika til nå stort sett handla om menn frå Oslo, Bergen eller Tromsø som lagar fengande, melodiske og dansbare ting. Men nå er det ei ny bølge på gang.

Det er vel ikkje lov å kalle det kvinnebølgje, men artistar som Smerz, Sassy 009 og han gaiden utfordrar det norske elektronika-uttrykket med kreativitet og hell, seier Hoftun.

– Lyttarar på tvers av kontinent

Likevel er det ikkje noko tvil om at Smerz skil seg ut. Dette «særeiga», som Robert Hoftun kallar det, har gjort dei synlege på kartet.

– Vi er ein del av ei gruppe musikarar som finn, deler og lagar musikk primært på data, og slik eg opplever har lyttarar som går på tvers av land og kontinent, opplyser Stoltenberg.

Sidan i fjor haust har dei turnert i Skandinavia, Brussel, London, Berlin og Bern. I vinter var dei også over dammen og spelte fleire konsertar frå San Francisco på vestkysten til New York på austkysten.

Catharina Stoltenberg i Smerz i silhuett

Catharina Stoltenberg i Smerz i silhuett under konsert i Berlin.

Foto: Bahar Kaygusuz

Men dei siste åra har dei også sett avtrykk fleire stadar i Europa. I 2018 spelte dei blant anna i Moskva, St. Petersburg og Kazan i Russland.

Turné i Russland

Det som er fint med internettkultur er at du kan dra til Kazan midt i Russland, og så møter du nokon som kjenner prosjektet ditt, og som har dei same referansane som deg.

– På den måten kan det opplevast nærare enn ein konsert i Oslo, fortel Motzfeldt

Å spele i Russland var spesielt på fleire plan. I ettertid har dei skjønt at det kan vere lenge til neste gong.

– Vi opplevde å få beskjed om å passe på kva for profil ein frontar, at ein ikkje skulle vere for politisk, forklarer Stoltenberg.

Jazz og backtrack-musikk

Populariteten kan også skuldast måten Smerz framfører musikk på. I live-showet deira leikar dei seg med sjangrar, og skapar kontrastar som bryt med forventningar ein har til korleis musikk blir framført.

Her tar dei utgangspunkt i klisjear og spelar det ut til noko nytt.

Henriette Motzfeldt i Smerz under en konsert i Brussel

Henriette Motzfeldt har saman med Catharina Stoltenberg turnert fleire stadar i Europa. Her frå Brussel.

Foto: Lucinde Wahlen

– På same måte som vi jobbar med å kombinere forskjellige sjangrar når vi lager musikk, ønsket vi å jobbe med forskjellige måtar å framføre musikk på ei scene: Ei jazzsangerinne på eit flygel, musikk som ferdigprodusert backtrack, klassiske musikarar på akustiske instrument.

Feedback og inspirasjon

På spørsmål om kor viktig suksess er, svarer Stoltenberg:

Det er viktig på den måten at ein kan leve av det ein synest er gøy og gjevande.

Motzfeldt legg til at hovudverdien er å lage musikk.

– Det mest dyrebare for oss er å lage musikken. Men musikkens møte med omverda kan vere inspirerande og sette i gang nye prosessar. Den er viktig for å ha eit liv som musikar.

Musikkritikaren i Aftenposten er i alle fall sikker:

Blant mange spennande nye norske artistar å følgje nå, er Smerz absolutt høgt oppe.

Spellemannprisen kan du sjå på NRK 1 i kveld frå kl. 20.05.