Paybacktime med To små karer

Dei var dei fyrste til å vinne MGPjr

Ramm, ferdig, gå

Den eine vart verande i rampelyset

Ein mann med briller ser inn i kamera og smiler

Den andre trakk seg seg unna offentlegheita

Ein kollasje av tidlegare MGP-jr vinnarar, deriblant Atle Pettersen, Celine Helgemo, Markus Henriksen, Nicolay Ramm og Christoffer Claussen.

Kva gjer dei tidlegare MGPjr-deltakarane nå?

Dei vann MGPjr for 20 år sidan – Sidan har dei gått ulike vegar

«Ja det ble payback time, Ja det ble payback time».

Året er 2002.

Nicolay Ramm og Christoffer Claussen står på scena i eit fullsett Oslo Spektrum med tusenvis av publikummarar framfor seg. Det er ellevill stemning i salen, og mest sannsynleg er det også god stemning i heimane til folk som har skrudd på NRK 1 denne kvelden.

Aldri før har eit så stort og solid konsept funne stad i Noreg.

– Det at barn heilt ned til 8 år skulle få lov til å stå på hovudscena i Oslo Spektrum framfor så mange menneske var jo heilt vilt, seier Ramm.

– Eg er jo forholdsvis attkjennbar i dag, men eg har nok aldri vore så kjent som den veka etter eg var med i MGPjr, seier Nicolay Ramm.

Nicolay Ramm ser på sin og Christoffer Clausens opptreden i MGPjr.

Nicolay Ramm ser på sin og Christoffer Clausens framføring i MGPjr.

– Surrealistisk å tenke på

I år fyller MGPjr 20 år. Og «To små karer» var dei aller fyrste til å vinne den populære konkurransen for barn.

Saman med andre tidlegare vinnarar har dei spelt inn ein medley som skal framførast under årets MGPjr-finale.

– Det er surrealistisk å tenke på. Nå har eg kone, og lever på eit heilt anna kontinent. Det er som om det var eit anna liv, seier den andre halvdelen av «To små karer», Christoffer Claussen.

Gjennom åra har MGPjr husa det som nå er kjente profilar på kvart sitt felt.

Markus Henriksen, Agnete Saba, Lido, Sval, Linnea Myhre, Annika Momrak, Atle Pettersen, Marcus & Martinus, Alexandra Rotan og Julie Bergan er blant mange som har vist sitt musikktalent gjennom MGPjr.

Mange av dei som har deltatt har heldt seg i musikk- og underhaldningsbransjen. Men andre har også gått ein heilt anna veg.

Blant dei er Christoffer Claussen.

For Ramm og Claussen kom MGPjr-opplevinga til å påverke dei på forskjellige måtar.

– Det var ganske brutalt

Det påverka meg personleg. På godt og vondt, fortel Claussen.

Etter sigeren vart dei nemleg rikskjendisar. Nærmast over natta.

Dei vart stoppa på gata og bedd om å skrive autografar. Ramm opplevde å få haugevis med fanbrev. I tillegg vart dei ofte ringt opp av fnisete jenter. Claussen måtte til slutt bytte telefonnummer.

Sjølv om 99 prosent av tilbakemeldingane var positive, klarte ikkje Claussen å la vere å fokusere på den eine prosenten som hakka på dei.

Det vart etter kvart såpass slitsamt at eg fann ut at denne kjendis-greia ikkje var noko for meg.

Han understrekar at det å stå i rampelyset som ein 12-14-åring elles er:

– Ei heilt fantastisk oppleving som eg aldri kjem til å gløyme, sjølv om det av og til kjennest meir ut som ein draum enn verkelegheit!

Tilbaketrekt i Elfenbenskysten

Dei to små karane vaks etter kvart frå kvarandre, og tok to ulike retningar etter ungdomsskulen.

Nicolay Ramm vart biten av TV-basillen, og har ved fleire anledningar vore synleg gjennom TV-ruta. Dei siste åra har han skapt fleire underhaldningsprogram i NRK, og var sist aktuell med «Olympiatroppen».

Claussen, derimot, valde å trekke seg tilbake.

Ein mann og ei dame ser mot kamera og smiler

Christoffer Clausen (til høgre) saman med kona si Linn Schjerven. Som lita var ho fan av «To små karer», men det tok tid før ho fann ut at kjærasten Christoffer var den eine av dei!

Foto: Privat

I dag bur han saman med kona si Linn Schjerven i Elfenbenskysten. Der jobbar han for eit traineeprogram for Den afrikanske utviklingsbanken.

Han er eigentleg utdanna mekanikar, men fann ut det internasjonale appellerte meir til han.

Da eg var liten budde vi i Tanzania, og vi har alltid hatt eit internasjonalt fokus i heimen. Livet i Elfenbenskysten er bra, seier han.

Markus Henriksen: – Stas

Ein annan som ikkje forfølgte musikk-karrieren er fotballspelar Markus Henriksen. Han hugsar tida etter MGPjr som travel, men artig.

Det var fyrste gong eg opplevde at eg gjekk frå å vere ein anonym gut til å bli stoppa opp på gata og bli kjent att. Det var stas i den alderen der, seier Markus Henriksen.

29-åringen frå Trondheim er kanskje mest kjent som det solide midtbaneankeret i Rosenborg Ballklubb. Etter nokre år i utlandet, med spel for nederlandske AZ Alkmaar og engelske Hull City, er han no tilbake til Rosenborg.

Markus Henriksen

Markus Henriksen drøymde om å bli popstjerne, men vart fotballstjerne i staden for.

Foto: Fredrik Hagen

Mindre kjent er kanskje at han i tillegg til å briljere på fotballbana, også har briljert på den store scena under MGPjr.

– Minst rytmisk og musikalsk av oss

Saman med kompisane Bendik og Robyn utgjorde han gruppa «Sheep Boys» og sjarmerte med låten «Damer er no dritt».

Også den gongen gjekk mykje av fritida hans på fotball. Det å kome inn i ein annan bransje var spesielt og interessant, fortel han.

For alle oss tre var det ei anna verd enn det vi var vande med.

Eg som er minst rytmisk og musikalsk av oss tre sleit noko valdsamt med den koreografien. I tillegg måtte eg konsentrere meg veldig bra for å klare å synge. Og når eg skulle gjere begge delar samtidig så var det mykje stopp og stans mens vi øvde, humrar Henriksen.

– Følte seg veldig inkludert

Han har gode minne frå tida med MGPjr. Dei tre kompisane fekk mykje kvalitetstid saman, i tillegg vart dei kjente med nye og interessante menneske.

Det var noko spesielt med miljøet rundt MGPjr. Det var veldig kjærleg og omsorgsfullt, og ein følte seg veldig inkludert.

Sheep Boys i MGP Jr. 2004

Markus Henriksen (til venstre) og kameratane Bendik Larsen og Robin Aasegg Arya var med i MGPjr i 2004.

Foto: Knut Falch / SCANPIX

Sjølv om han ikkje vart artist, tok han likevel med seg ein god del erfaring inn i fotballverda:

– For eksempel det å prestere under press. Det å tore å hoppe i det sjølv om det er uvisst terreng er noko eg har tatt med som læring inn i fotballyrket.

Celines song til Astrid S

Ei som derimot har satsa på musikken er Celine Helgemo. Kven hugsar vel ikkje låten «Bæstevænna»?

– Det går ikkje ei einaste veke utan at nokon snappar meg at dei høyrer den. Den kjennest nesten større ut enn meg sjølv nokre gongar, fortel artisten bak.

Ei kvinne med krølla, blondt hår ser inn i kamera med eit intenst blikk.

Celine Helgemo er framleis lidenskapeleg oppteken av musikk.

Foto: Privat

Songen som var skrive til Celines bestevenninne Astrid Smeplass, nå kjent som Astrid S, gjekk til topps i 2007.

– Eg sat på kjensla av at: «Tenk kor heldig eg er som får oppfylt min aller største draum». Det kjentest veldig overveldande, men også veldig riktig.

– Eg tenkte at dette er det eg har lyst til å drive med resten av livet, fortset Celine Helgemo.

Også ho opplevde at livet forandra seg drastisk etter MGPjr.

– Pangstart

– Eg kan jo rett og slett ikkje vite kvar eg hadde vore om det ikkje hadde vore for MGPjr. For meg var det eit stort springbrett og ein pangstart på ein karriere.

I dag lagar ho musikk under artistnamnet Celiin, og er akkurat nå aktuell med låten «Carmen» som handlar om tida mellom MGPjr til nå.

– Det har vore ei ekstrem reise på mange vis. Når du startar så høgt opp, så kjem det eit tidspunkt der ein ikkje får like mykje merksemd. Det fører til at ein stoppar opp og reflekterer rundt om ein har lyst til å satse vidare på musikk.

Sjå Celine Helgemo og Astrid S under:

Tidlegare programleiar i MGPjr, Stian Barsnes Simonsen, fortel om dei sterke og rørande scenane med Celine Helgemo og bestevennen Astrid S da Celine vann.

Tidlegare programleiar i MGPjr, Stian Barsnes Simonsen, fortel om dei sterke og rørande scenane med Celine Helgemo og bestevennen Astrid S da Celine vann.

Atle Pettersen: «We made it»

Også artist og programleiar Atle Pettersen er blant dei som fekk ei openberring gjennom MGPjr.

– Det var da eg skjønte at det er dette eg skal drive med. Det er dette eg er født til å gjere. Eg skal gjere alt som står i min makt for å prøve å lage ein karriere ut av dette, fortel han.

Ein mann i svart hettegenser smiler mot kamera.

Atle Pettersen er for mange kjent som Beat for Beat-programleiar.

Foto: Anders Hustveit Gerhardsen / NRK

Han har lukkast. I tillegg til å vere programleiar i Beat for Beat, han har deltatt i vaksenversjonen av MGP fleire gongar og han har også vore sentral i fleire norske musikaloppsetjingar, deriblant «Singin in the Rain».

Han hugsar kor stort det var for han som barn å kunne vere med i MGPjr.

– Eg hugsar vi tenkte: «We made it». Det viser kor stort det konseptet var for målgruppa.

Han meiner at MGPjr er like viktig, om ikkje enda viktigare i dag.

– Det samlar kidsa rundt noko som er gøy, rundt musikk og underhaldning.

Du kan sjå MGPjr 2022 laurdag kl. 1950 på NRK 1 eller i NRK TV.

Les også – Absurd å være 11 år og ta imot ett poeng fra voksne folk

Melodi Grand Prix junior 2002 - Linnéa Myhre.

Marcus og Martinus