Hopp til innhold

Nederland fekk ikkje opptre – EBU og svensk politi undersøkjer hending

Fredag kveld skulle alle artistane i Eurovision synge for juryen, med unntak av Nederland, som ikkje fekk lov. EBU og svensk politi seier dei undersøkjer ei hending med artisten.

Bilde fra øvelse torsdag: Joost Klein står i blå dress med enorme skulderputer på en svart scene. Han er en mann i 20/30-årene med kortklipt blondt hår. Han er midt i sangen og lager en bekymret grimase, mens armene hans henger rett ned.

FÅR IKKJE OPPTRE: Joost Klein får ikkje opptre under Eurovision på fredag. Her frå øving torsdag.

Foto: Leonhard Foeger / Reuters

Retting: Ved fyrste publisering av denne saka, hadde NRK ved ein feil ein listetittel kor det stod at Nederland boikotta Eurovision. Dette stemmer ikkje og er retta opp i. Samstundes kan gamal listetittel ved nokre tilfelle synast når saka blir delt i sosiale medium.

Tidlegare fredag møtte ikkje den nederlandske artisten Joost Klein opp på øvingane før generalprøva i kveld.

EBU sa i ei utsegn at dei undersøkte ei hending knytt til artisten etter gårsdagens semifinale.

Litt etter halv ni skriv ESC i ein pressemelding at Klein ikkje får lov til å opptre.

– Undersøkinga av hendinga med den nederlandske artisten i årets Eurovision held fram, skriv ESC.

Nederland er ikkje diska frå konkurransen, men får ikkje opptre i kveld. I staden for skal dei vise eit klipp frå da han song i semifinale runde to, som du kan sjå under:

Svenske Aftonbladet forsøkte å spørje Klein om at han ikkje får opptre, men Klein ville ikkje seie noko.

– Ha ein god dag, svarte artisten, då han gjekk inn i heisen på hotellet der han bur.

Bodskapen om at Klein ikkje får opptre blei ikkje godt motteke hos publikum:

Det ble buing i salen da det ble annonsert av Nederlands Joost Klein ikke skulle opptre live.

Det vart buing i salen då det vart annonsert at Nederlands Joost Klein ikkje skulle opptre live.

Fleire rykte

Det svirrar mange rykte om kva som har skjedd med Klein. Fleire svenske medium skriv at det skal ha vore ein fysisk konfrontasjon mellom Klein og ein fotograf.

NRK har ikkje fått stadfesta om dette stemmer. Til den nederlandske avisa AD seier svensk politi at dei undersøkjer hendinga.

Det har vore fleire prøver fredag; Klein har ikkje fått delteke i nokon av dei.

Tidlegare i dag skreiv avisa De Telegraaf at Klein slutta å fylgje Eurovision på Instagram. Litt før klokka 21 har han slutta å fylgje alle.

Han har også sletta alle historiene sine frå konkurransen på kontoen.

På spørsmål frå NRK, svarar EBU det same som står i pressemeldinga under.

Uttalelse fra EBU om hendelse knyttet til Nederland under Eurovision 2024

EBU skriv at dei undersøker ei hending knytt til den nederlandske artisten.

Foto: Skjermdump Instagram

Sa ikkje noko

Den nederlandske artisten skulle etter planen opptre med låten «Europapa» som nummer 5, like etter innslaget frå Luxemburg. Men i det scenefolka skulle begynna å rigga til nummeret hans, fekk dei beskjed om å gå tilbake.

I staden kom Israel på scena med bidraget «Hurricane». Det er Israel som skal opptre som sjette deltakar, etter Nederland i finalen i morgon.

Det vart ikkje sagt noko under hendinga, skriv AD. Klein blei både annonsert og deltok i flaggparaden.

No står det att å sjå om Nederland kjem på juryprøvane klokka 21 fredag. Der gjev juryen sine poeng, som tel 50 prosent av alle røystene.

Les også Flere så Norges Eurovision-semifinale i år enn i fjor

Gåte under øvelser før semifinalene i Eurovision i Malmø 2024

Litt etter klokka 17 fekk NRK ein e-post frå ESC kor dei skriv at ei planlagt pressekonferanse med Italia, Tyskland, Spania, Storbritannia, Sverige og Frankrike no er avlyst. Det skal vere fordi artistane ynskjer å «fokusere på prøvene».

Kritiserte Israel under pressekonferanse

Joost Klein kom med kritikk av Eden Golan under pressekonferansen etter den andre semifinalen i går kveld.

Når Golan får spørsmål om ho har tenkt på at ho kan vera ei trussel for andre deltakarar og publikum berre ved å vera til stades, svarar SVTs Jovan Radomir som leier pressekonferansen at ho ikkje treng å svara på det.

Til det bryt Joost Klein inn og spør:

– Kvifor ikkje?!

Golan svarar at ho trur at alle som er til stades er trygge, fordi EBU tek alle sikkerheitsomsyna dei må ta for å gjera songkonkurransen til ein trygg og foreina plass for alle.

Eden Golan etter semifinalen i Eurovision torsdag kveld 9. mai

Under pressekonferansen i går kveld, seier Eden Golan ho er trygg på at EBU gjer Eurovision til ein trygg stad for alle som er til stades.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Under pressekonferansen var Eden Golan og Joost Klein plasserte ved sida av kvarandre. Klein dekte til hovudet sitt med det nederlandske flagget, og gøymde seg under det fleire gonger medan pressekonferansen gjekk føre seg.

Det har blitt tolka som ei markering, då Joost Klein tidlegare denne veka heller ikkje har villa stilla opp på bilete ilag med den israelske artisten, skriv Aftonbladet.

– Alle land fortener å vera frie

Under pressekonferansen kom også Latvia med eit stikk til Israel. Den latviske artisten Dons sa at dagen var heilt spesiell, og at han aldri har vore stoltare av å vera frå Latvia.

– Me er det einaste landet som er forma som ein sommarfugl. Ein sommarfugl symboliserer håp og fridom. For å vera ein sommarfugl må ein få fly og vera fri. Og alle land i verda fortener å vera frie, sa han.

Under kan du sjå video frå pressekonferansen torsdag:

AKTUELT NÅ