Hopp til innhold

Vipers tapte i dansk-norsk heksegryte: – Dette kan vi snu i Kristiansand

Vipers Kristiansand tapte den første av to semifinalar i EHF-cupen mot danske Viborg.

Emilie Hegh Arntzen, Vipers Kristiansand
Foto: Sander Heggheim / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

– Vi scorar 31 mål borte. Det er veldig sterkt, og eg er ikkje nøgd med kampen på nokon som helst måte. Angrepsmessig er det mykje fint, men i forsvar er vi ikkje på i det heile, seier Vipers-trenar Kenneth Gabrielsen.

– Men det er detaljar å rette på, så har eg stor tru på at vi kan klare dette, seier han.

Danskane vann 34–31 føre 2000 tilskodarar entusiastiske tilskodarar på heimebane.

Kenneth Gabrielsen, Vipers Kristiansand

Sjå intervju med Vipers-trenar Kenneth Gabrielsen.

– Stort

Kring 600 av dei var Vipers-supporterar som hadde teke turen med danskebåten frå Kristiansand.

– Det er heilt utruleg å sjå så mange ta turen. Det er stort å få vere med på, seier Gabrielsen.

Men intens støtte på tribunen var ikkje nok til å sikre sigeren i Viborg Stadionhal. Danskane leia 18–16 til pause og gjekk ut i hundre i andre omgang.

Midtvegs i andre omgang leia heimelaget med seks mål. Sørlendingane la inn eit ekstra gir og var berre tre mål bak ti minutt før slutt.

Flere hundre Vipers-supportere ladet opp til semifinalen mot Viborg på pub i Danmark.

Fleire hundre Vipers-supporterar reiste til Danmark for å sjå oppgjeret mot Viborg.

Frå semifinale til seriefinale

Men der vart det stopp. Rosatrøyene kom aldri nærare og må dermed ta att tre mål i returoppgjeret i Kristiansand neste helg, for å nå finalen i EHF-cupen.

Vipers-veteranane Katrine Lunde og Kristine Lunde Borgersen har tidlegare vunne både serie, cup og Meisterligaen med Viborg.

– Det er alltid spesielt å komme tilbake til stader ein har budd tidlegare. Dessverre vart det tap no, men dette kan vi klare å snu heime, seier Katrine Lunde.

Allereie onsdag skal sørlendingane i aksjon i ein særs viktig kamp igjen. Då er det seriefinale mot Larvik. Med siger sikrar laget etter alt å dømme sitt første seriegull.

– Det er perfekt med ein slik kamp mot Viborg før Larvik-kampen. Heilt perfekt, seier Vipers-trenaren.

Katrine Lunde og Kristine Lunde Borgersen, Vipers Kristiansand

Katrine Lunde og Kristine Lunde Borgersen var tilbake på si gamle heimebane då Vipers møtte Viborg. Tvillingsøstrene har vunne ei rekkje titlar med den danske klubben.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %