Hopp til innhold

Vipers på veg mot historisk kvartfinale

Dei har allereie teke over handballtrona i Norge. No er Vipers Kristiansand også i ferd med å følgje Larvik sine fotspor i Europa.

Se sending med reaksjoner etter oppgjeret mellom Vipers Kristiansand og Thüringer.

Laster innhold, vennligst vent..

Sørlendingane står med åtte poeng, og ligg på andreplass i si gruppe i mellomspelet i Meisterligaen, bak «norske» Györ, etter å ha slått tyske Thüringer laurdag.

Poengsummen kan halde til avansement til kvartfinale i Meisterligaen, sjølv om det står att fire kampar i mellomspelet.

– Det skal eit mirakel til om dette ikkje skal gå, seier Vipers-spelar Jeanett Kristiansen.

– Det kan halde med åtte poeng, men vi vil sjølvsagt ha fleire. Men det skal mykje til om Krim kjem opp på åtte, og Thüringer klarer det ikkje. Så det er ein veldig god sjans til kvartfinale, seier Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad.

Vipers Kristiansand, supportere

Vipers-supportarane kunne juble for ny siger i Meisterligaen laurdag.

Foto: Leif Dalen / NRK

Kristiansen dominerte

Men det kunne ha sett anleis ut for kristiansandsklubben. Vipers fekk ein frykteleg start på kampen mot eit Thüringer-lag, som har store skadeproblem.

Gjestene, som hadde berre ti spelarar i troppen mot Vipers, gjekk ut i hundre og leia med fire mål etter ti minutt.

Så sette Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad inn hardare skyts. Jeanett Kristiansen og Marta Tomac kom på bana.

– Vi måtte gjere nokon grep, og heldigvis trefte dei veldig bra. Eg er veldig nøgd med korleis dei løyser det, sier Gjekstad.

Då snudde det for rosatrøyene. Kristiansen, som spelar i danske Herning-Ikast neste sesong, vart kampens store spelar, og scora 10 mål mot Thüringer.

Vipers leia 16-12 til pause, og kontrollerte inn til siger i andre omgang. Tyskarane var sende til med 24-31 i bagasjen.

Vipers - Thüringer, benken til Thüringer

Thüringer har store skadeproblem, og hadde berre ti spelarar med seg til Kristiansand.

Foto: Leif Dalen / NRK

Poengtap for Györ

Neste helg skal Vipers til Ungarn og Györ, der dei møter dei norske landslagsspelarane Kari Brattset, Stine Bredal Oftedal, Veronica Kristiansen og Kari Aalvik Grimsbø.

– Györ er ekstremt gode og har eit sinnssjukt tempo, men det har vi også. Eg trur det kan bli veldig gøy og ein fartsfylt kamp, seier Vipers-spelar Jeanett Kristiansen, som møter skal spele mot søstra si i Györ neste helg.

Györ gjekk på sitt første poengtap i Meisterligaen denne sesongen laurdag. Laget spelte uavgjort 32-32 borte mot FTC-Rail Cargo Hungaria.

Bredal Oftedal og Kristiansen scora fem mål kvar i oppgjeret.

Førre sesong deltok Vipers for første gang i Meisterligaen. Då rauk dei ut allereie i gruppespelet. Men laget spelte seg heilt til finalen i EHF-cupen, der det vart eit knepent tap mot rumenske Craiova.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %