Vipers møter Larvik i cupfinalen

Vipers Kristiansand skal spele cupfinale mot Larvik i romjula. Onsdag kveld banka kristiansandarane Gjøvik i semifinalen heime i Karusshallen. Laget er dermed klar for sin første cupfinale i historien.

– Dette var gøy. Endeleg noko morro, strålar Janne Kjelstrup Olsen like etter kampslutt.

LES OGSÅ: Vipers klare for finale

– Det er så deilig

Vipers slo 1. divisjonslaget Gjøvik 33-19 etter ein fantastisk andre omgang der laget nærast køyrde over Gjøvik.

– Det er så deilig. Den andre omgangen var fantastisk. Vi held roen sjølv om vi er pressa, seier trenar Peder Langfeldt til NRK.no.

Han og dei 819 på tribunene kunne sjå keeper Kathrine Høyland i kjempeslag. Sisteskansen tok fram redningar av ypparste klase.

– Ho er veldig god, det viser ho i dag, seier Langfeldt.

Video Vipers vant

Larvik i finalen

– Det er kjempekjekt. Vi hadde eit supert publikum. Gjøvik heng på lenge, men i andre omgang er vi mykje betre enn dei og vinn fortent, seier Kathrine Høyland.

I finalen ventar storlaget Larvik. Dei slo Storhamar 26-20 i den andre semifinalen onsdag kveld.

– Det vert ei oppleving. Det er stort sett berre Larvik og Byåsen som har fått moglegheit til å spele cupfinale dei siste åra, så at vi får oppleve det er berre heilt fantastisk, seier ho.

Video Vipers