Hopp til innhold

Vipers heldt fram sigersrekkja på heimebane

Vipers slo Krim 36–31 og la press på gruppeleiar Bucuresti. Dei regjerande meistrane har vunne alle heimekampane sine i gruppespelet i Champions League.

Katrine Lunde

Keeper Katrine Lunde jublar for ei scoring i heimesigaren over Krim.

Foto: Kjetil Samuelsen / NRK

Vipers la press på gruppeleiar Bucuresti med 36-31-siger over Krim heime i Aquarama laurdag kveld. Med sigeren overtek Vipers tabelltoppen i gruppa fram til Bucuresti møter franske Brest heime i Romania søndag.

– Vi gjennomfører ein bra offensiv kamp. Vi scorar mange mål, og kan score enda fleire, seier trener Ole Gustav Gjekstad etter kampen.

– Vi slit litt kollektivt i forsvar, og dei slepp til for lett. 31 mål bakover er mykje, seier Ragnhild Valle Dahl.

Ole Gustav Gjekstad

Vipers-trener Ole Gustav Gjekstad er nøgd etter sigeren over Krim, sjølv om han her ikkje er nøgd med dommarane.

Foto: Kjetil Samuelsen / NRK

Gruppa blir avgjord kommande helg. Då reiser Vipers til Frankrike for å møte Brest, medan Bucuresti møter Krim i Slovenia.

Begge laga er sikra direkteplass i kvartfinalane.

– Gruppesiger betyr antakeleg enklare motstand i kvartfinalen, så vi skal prøve den sjansen helt inn, seier Gjekstad.

– Det er klart vi vil gjere alt for å vinne, men det krev at Bucuresti taper, seier Jamina Roberts.

– Kvartfinalen blir tøff uansett. Men det hadde vore gøy å få førsteplassen i puljen, seier Valle Dahl.

Sju strake heimesigrar

Sigeren var den sjuande strake heime i Aquarama i gruppespelet. Ingen lag har klart å ta poeng frå Vipers heime i Aquarama.

– Det er viktig å ha et godt heimefort. Det er kjenneteikn på eit godt Champions League-lag, seier Gjekstad.

– Det er «jättebra». Men å vere et solid lag både heime og borte er vel det absolutt beste, seier Roberts.

– Å ha dette publikummet som står og skrik oss til seier, betyr mykje. Det er med på å skape uvisse hos motstanderne, samt at vi får ein autoritet som vi treng i desse kampane, seier Valle Dahl.

Jana Knedlikova

Jana Knedlíková scora på fire av fem skot frå høgrekanten.

Foto: Kjetil Samuelsen / NRK

Jamn start

Laga følgde kvarandre innleiingsvis i Aquarama. Etter eit drygt kvarter var stillinga 11–10 til heimelaget. Trenar Ole Gustav Gjekstad var ikkje fornøgd med forsvarsspelet, og tok ein timeout.

Etter null redningar vart Katrine Lunde bytt ut med Sofie Börjesson. Svensken svarte med storspel, og redda både straffekast og skot frå bak i banen.

Sju minutt seinare stod det 16–11 til Vipers. Den leiinga heldt heimelaget ut omgangen. Ved pause stod det 20–15 til dei rosakledde. Börjesson hadde redda 7 av 13 skot, medan Markéta Jerábková var toppskåraren til laget med fem mål.

Markéta Jerábková

Markéta Jerábková vart lagets toppscorar med åtte mål.

Foto: Kjetil Samuelsen / NRK

Lunde tilbake etter kvilen

I andre omgang var Lunde tilbake i mål for Vipers. Målvaktkjempa lykkast ikkje på dei første skota, men etter kvart kom redningane.

Samtidig som Jamina Roberts og Anna Vjakhireva heldt fram med å skåre.

Ti minutt ut i omgangen leidde heimelaget 27–19.

Deretter følgde laga kvarandre utover i omgangen, før det enda med 36–31 til Vipers ved full tid.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %