Hopp til innhold

Vipers Kristiansand kan bli tvinga ut av eigen by

Verdas beste klubblag kan måtte spele heimekampane sine i meisterligaen i andre byar.

Vipers

Vipers Kristiansand vinn rubbel og bit for tida. Men i verste fall kan dei måtte spele europacupkampar i andre byar i framtida.

Foto: Tor Erik Schrøder

– Eg tenker jo at det er veldig kummerleg då.

Slik beskriv Vipers Kristiansand sin dagleg leiar Per Geir Løvstad sin heimearena.

Vipers Kristiansand er tittelforsvarar i meisterligaen. Dei har nokre av dei største handballstjernene på laget. Men heimebana er langt ifrå best i klassen.

Dei reiser Europa rundt der dei møter heilt andre fasilitetar.

– Vi kjem ganske kraftig til kort der. Uansett kor vi er i Europa, seier Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad.

Les også Dette fekk Vipers-spelarane til å måpe: – Eit sjukt tal

Tuva Høve, Vipers Kristiansand

Spelar på dispensasjon

Klubben har fått dispensasjon frå det europeiske handballforbundet til å spele meisterligakampane sine i Aquarama.

Om to år blir krava endå tøffare. Blant anna krav om minst 4000 sitteplassar.

I verste fall kan klubben bli nøydd til å spele heimekampane sine i ein annan by. Kanskje i Arendal, som no rustar opp Sør Amfi for internasjonale krav.

– Det vil vere eit stort nederlag for oss og byen. Det må berre ikkje skje, seier Løvstad.

Det er berre plass til kring 2000 tilskodarar i Aquarama. Klubben trur dei kunne selt opp mot 5000 billettar til dei største kampane.

Eliteserien håndball damer mellom Vipers Kristiansand og Storhamar Håndball Elite.

Her i Aquarama spelar Vipers Kristiansand heimekampane sine også i meisterligaen. Men hallen tilfredsstiller ikkje krava til det europeiske handballforbundet.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Det er ein publikumskapasitet rundt her klubben ynskjer seg.

Det er knapt nokon VIP-fasilitetar og særs lite areal for til dømes kioskar i dagens heimebane.

– Vi har få moglegheiter til å tene pengar på kampdag. Der ville ein ny og større hall ha vore til hjelp, seier Løvstad.

Arena Stožice i Ljubljana

Arena Stožice i Ljubljana tek kring 12.000 tilskodarar. Den nedste tribuneseksjonen tek kring 6000 tilskodarar. Vipers ser føre seg ein ny arena som tek kring 5000.

Foto: Sander Heggheim / NRK

– Fantastisk anlegg

I helga slo Vipers Kristiansand slovenske Krim i kvartfinalen i meisterligaen. Sjumålssigeren gir eit glimrande utgangspunkt før returmøtet i Aquarama.

Helgas kamp gjekk i Arena Stožice i Ljubljana. Ein hall med plass til 12.000, og som også skal brukast til EM-finale til vinteren.

– Eg skulle gjerne ha klona denne hallen og lagt den ein stad i Kristiansand. Det er eit fantastisk anlegg, seier Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad.

Det er planar om ein ny stor hall i Kristiansand. Men det ligg truleg fleire år fram i tid.

Akkurat no går føre seg planarbeid, der reguleringsplan skal bankast gjennom.

Løvstad i Vipers opplever at det er politisk vilje i sørlandsbyen og håpar på fortgang.

– Innan ein tidshorisont på tre-fire år burde vi ha hatt noko nytt og stort vi kan vere i. Vi har ambisjonar om å vere i final four kvart år. Då treng vi fasilitetar, seier Vipers-sjefen.

Les også Råsterk Vipers-siger i kvartfinalen i meisterligaen

Katrine Lunde, Vipers. Kvartfinale borte mot Krim i Ljubljana.

null
Spiller nå
ØIF tapte thrillerfinale 00:59
Neste

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,15 kr
Dyrest kl. 07 2,29 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %