Hopp til innhold

Råsterk Vipers-siger i kvartfinalen i meisterligaen

Vipers Kristiansand har sikra seg eit særs godt utgangspunkt før returkampen i kvartfinalen i meisterligaen i handball.

Katrine Lunde, Vipers. Kvartfinale borte mot Krim i Ljubljana.

– Det var eigentleg betre enn vi kunne ha håpa på. Moralen deira kan knekkast. Det visste vi. Utgangspunktet er mykje betre enn eg hadde håpa, seier Vipers-spelar Nora Mørk.

I det første oppgjeret mot Krim Ljubljana i Slovenia vann sørlendingane 32-25.

– Vi kan vere stolte av dette. Men vi skal sørge for at vi slår dei i Kristiansand også. Så håpar eg vi kjem oss til final four, seier Mørk.

Sjå intervju med Vipers-spelar Nora Mørk etter sigeren mot Krim i Slovenia.

NRKs handballekspert Peder Langfeldt er klinkande klar etter maktdemonstrasjonen i Ljubljana:

– Dette kjem dei aldri til å rote bort i returkampen. Til det er Krim for svake. Kristiansandarar kan berre begynne å booke tur til final four i Budapest, seier Langfeldt.

Vipers tok styringa frå start og leia 14-10 til pause i Arena Stozice.

Vipers hadde oddsen på si side før bortekampen i Ljubljana. Faktisk har Vipers aldri tapt ein kamp mot Krim. Sju sigrar og ein uavgjort var status før kvartfinalen.

Les også Dette fekk Vipers-spelarane til å måpe: – Eit sjukt tal

Tuva Høve, Vipers Kristiansand

Full kontroll på Gros

Men den slovenske storklubben har styrka stallen betrakteleg etter at dei henta stjernene Ana Gros og Tatjana Brnovic for kort tid sidan.

Begge vart fristilt frå sine russiske klubbar på grunn av krigen i Ukraina.

Men Nora Mørk, Katrine Lunde, Isabelle Gulldén og dei andre Vipers-stjernene let seg ikkje skremme.

– Ein solid siger der grunnlaget blir lagt i forsvar. Dei slepp ikkje til skytset til Krim. Ana Debelic får mykje å jobbe med på linja, spesielt frå Nora Mørk. Markéta Jerábková og Sunniva Andersen spelar ein solid kamp. Katrine Lunde spelar ein god første omgang, seier NRK-ekspert Langfeldt.

Dei starta andre omgang like godt som dei avslutta første. Dei scora mål og tetta igjen eige forsvar.

Sju minutt ut i omgangen leia Vipers heile 17-11.

Krim kom aldri nærare.

– Vi er veldig nøgde med dette. Eg tykkjer vi treff veldig bra på det vi gjer. Å vinne med sju mål er veldig bra, seier Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad.

Sjå intervju med Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad etter sigeren i den første kvartfinalen.

Returkamp neste helg

Det er 15 år sidan Krim sist var i kvartfinale i meisterligaen. Det kan sjå ut til at det blir stopp der.

Neste helg går returkampen i Kristiansand, der Vipers har eit særs godt utgangspunkt.

– Vi gjer ein bra kamp og er godt førebudde. I dag er vi det beste laget, seier Vipers-spelar Isabella Gullden.

– Er det mogleg å rote vekk dette?

– Ja, det er det alltid. Eg har leia mange gonger, men sju mål er veldig mykje. Vi går alltid for å vinne, seier ho.

Vipers Kristiansand er tittelforsvarar etter at dei vann meisterligaen for første gang i historia i fjor.

Sjå intervju med Vipers-spelar Isabelle Gulldén etter sigeren mot Krim i Ljubljana.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %