Hopp til innhold

Vipers knuste «brutale» Buducnost

I 2015 knuste Buducnost Larvik i Meisterliga-finalen og vart skulda for brutalt og grisete spel. Laurdag sende Vipers Kristiansand stormakta frå Montenegro heim i skam.

Vipers Kristiansand

Vipers Kristiansand slo Buducnost frå Montenegro i Meisterligaen i handball for kvinner.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

– Dei er supertøffe. Vi har sett nokre klipp av dei. Vi visste vi måtte gå i krigen dersom vi skulle klare å vinne. Det syns eg vi gjorde, seier Vipers-keeper Katrine Lunde.

I det som var Vipers sin første heimekamp i Meisterligaen nokonsinne, vart det nærast klasseskilnad på dei to laga utover i kampen.

Dei rutinerte Lunde-tvillingane, Linn Jørum Sulland, Kari Brattset og Malin Aune viste at Vipers absolutt kan bite ifrå seg i det gjevaste selskapet i Europa.

Og det mot eit lag som har vore i semifinalen i Meisterligaen dei fire siste åra.

Katrine Lunde var imponert over eget lag etter storseier i Mesterligaen

Sjå intervju med Vipers-keeper Katrine Lunde.

– Sjokkert

Etter å ha fått bank i opningskampen i Frankrike førre helg, var det eit langt meir aggressivt og tøft lag som gjekk på bana heime i Aquarama laurdag ettermiddag.

Det var tydeleg at sørlendingane var førebudde på kva som venta i Buducnost. I 2015 vann laget Meisterligaen etter å ha slått Larvik 26-22.

Men kampen vert nok mest hugsa for det tøffe spelet til Buducnost.

– Er det slik handballen skal vere? Eg er litt sjokkert, sa Anja Hammerseng-Edin etter finalen.

Men tøft spel beit ikkje på rosatrøyene i Vipers. Laget var fullstendig overlegne utover i kampen.

– Vi var rimeleg førebudde på å få juling. Dette er eit lag som kan spele på grensa, men vi hadde bestemt oss for å ikkje gje noko mindre juling sjølv. Eg syns vi endar opp med å vere laget som gjer mest juling, seier Emilie Hegh Arntzen.

Emilie Hegh Arntzen etter storseier i Mesterligaen

Sjå intervju med Emilie Hegh Arntzen.

Storsiger

Etter å ha gått til pause med 15-11 heldt laget fram med å knuse gjestene sønder og sammen i eigen hall.

Vipers gav seg ikkje før det stod 29-19 og trenar Kenneth Gabrielsen var mektig imponert over heimepublikummet. Før kampen oppfordra han supportarane til å lage ekstra liv, for å skremme motstandaren ut av hallen.

– Publikummet vårt påverka både Buducnost og dommaran, så det var heilt rått, smiler Gabrielsen.

Kristiansandklubben står med ein siger på dei to første kampane i Meisterligaen.

Linn Jørum Sulland, Vipers
Foto: Sander Heggheim / NRK
Gabrielsen etter storseier i Mesterligaen

Sjå intervju med Vipers-trenar Kenneth Gabrielsen.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %