– Eg hadde vore heilt sjokkskada dersom eg stod her med gullet. Vi er nøgde, seier keeper Katrine Høyland etter cupfinaletapet mot suverene Larvik.
- LES OGSÅ: Vipers tapte cupfinalen
Larvik tok sitt tredje strake cupgull og det 13. i klubben si historie.
Knallsterkt Larvik
– Det er veldig kjekt berre å vere her i Oslo Spektrum. Det var kjekt å sjå at så mange hadde teke turen frå Kristiansand. Alt i alt er vi kjempenøgde, seier Høyland til NRK.no.
- SJÅ: Cupfesten i bilete
Sluttresultatet vart til slutt 31-18. Larvik leia 16-10 til pause og gjorde det særs vanskeleg for Vipers. Pottetett Larvik-forsvar og ei god Cecilie Leganger i mål gjorde at Vipers si 3-1 leiing raskt var borte.
– Vi spelar ok i 45 minutt. Starten på andre omgang var ræva, seier ho.
– Beste vi kunne håpe på
Også trenar Peder Langfeldt gleda seg over sølvet. Han førte laget til cupfinale i sin siste sesong som trenar.
– Sølv var vel det beste vi kunne håpe på når vi møter Larvik i finalen, seier Langfeldt.
– Vi går alltid på bana med trua på at vi kan vinne, men å slå Larvik er tøft. Dei er eit veldig godt lag, seier han.
Sølvfest på Sørlandet
Vipers Kristiansand reiser rett tilbake til Kristiansand der cupsølvet skal feirast. Det var 30 år sidan sist eit lag frå Sørlandet var i ein cupfinale.
– Vipers-jentene er gode til å ha det gøy, så det skal vi klare i kveld, ler Katrine Høyland.
I juniorfinalen for kvinner var kristiansandaren Mai Marcussen med på å ta gull med Byåsen. Dei slo Tertnes 33-26 tidlegare på dagen.