Hopp til innhold

Vipers-jubel etter sekunddrama

Ti minutt før full tid låg Vipers Kristiansand under med seks mål heime mot Tertnes. Så starta sørlendingane opphentinga.

Vipers Kristiansand

Vipers-spelarane omfamna kvarandre etter uavgjort mot Tertnes.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Bergensarane var i føringa gjennom heile kampen i Aquarama og det såg ut til å gå mot ein komfortabel bortesiger.

Men Vipers gav aldri opp og 52 sekund før slutt utlikna Annette Jensen for rosatrøyene til 32–32.

Nøgd trenar

Annette Jensen

Annette Jensen scora sju mål for Vipers mot Tertnes.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Dermed var det Tertnes sin tur til å angripe. Vestlendingane klarte aldri å trenge gjennom Vipers-forsvaret som vann ballen og dermed kunne kaste seg i angrep.

I staden valde trenar Thomas Hørlyk å ta timeout med fire sekund att å spele. Men slagplanen som vart lagt resulterte ikkje i mål, og det enda dermed uavgjort 32–32.

– Det var veldig herleg å sjå utlikninga, men det hadde vore endå deiligare om vi hadde scora vinnarmålet heilt på tampen, smiler Hørlyk til NRK etter kampen.

– Vi stressar litt og dommarane gjorde nokre veldig merkelege val. Eg må skryte av jentene for ein utruleg god moral, og vi har fullt fokus på oppgåvene våre, seier Hørlyk om kvifor det tok tid før laget kom skikkeleg i gang.

Satsar på topp åtte

Med det eine poenget ligg klubben framleis på 9. plass på tabellen. Vipers har same poengsum som Fredrikstad som ligg på kvalifiseringsplass.

Målet er å bli blant dei åtte beste klubbane, og dermed sikre sluttspel.

– Vi visste på førehand at det kom til å bli ein tøff sesong og vi starta i tillegg med minuspoeng. Vi er har eit nytt og ungt lag. Nå jentene har rett innstilling så er dei gode. Eg veit kva dei kan, men vi kan ikkje berre tru at ting går automatisk kvar gang, seier trenaren.

Thorey Rosa Stefansdottir og Annette Jensen vart toppscorar med sju mål for Vipers Kristiansand. Stine Skogrand vart toppscorar for Tertnes med ni fulltreffarar.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %