– Det er deilig å samle på desse, smiler Vipers-spelar Marta Tomac og viser fram pokalen etter finalesigeren mot Molde.
I cupfinalen i Jordal Amfi laurdag var det aldri i tvil om kven som skulle stikke av med NM-tittelen. Vipers vann til slut 38-20.
Molde gjekk aggressivt til verks og leia med to mål heilt i starten. Men ti minutt ut i kampen sette Vipers inn ei ekstra gir. Derifrå såg dei seg aldri tilbake.
– Det var forventa og veldig fortjent at Vipers vinn, oppsummerer NRKs handballekspert Peder Langfeldt.
Sjå intervju med fleire av Vipers-spelarane etter cupfinalesigeren mot Molde.
Ny scoringsrekord
Halvvegs i første omgang leia Katrine Lunde, Nora Mørk og co. 13-6. Til pause stod det heile 22-8.
Molde, som var i sin første cupfinale, klarte ikkje å stikke kjeppar i hjula for sigersvande sørlendingar.
– Det er klubbens første sølvmedalje. Prestasjonen vår var ikkje så god som vi ynskjer. Vi blir veldig passive. Når Vipers trakkar til heng vi etter. Eg trur ikkje vi pådrog oss eit einaste gult kort. Det seier litt, seier Molde-trenar Tor Odvar Moen.
Sjå intervju med Molde-trenar Tor Odvar Moen etter finaletapet mot Vipers.
Andre omgang vart ein rein transportetappe for Vipers.
– Vi spelar bra frå starten og tek lurven av Molde. Vi fortener det og eg tykkjer vi spelte bra gjennom heile kampen, seier Vipers-keeper Katrine Lunde.
38-20 betyr også ny scoringsrekord i ein cupfinale. Larvik scora 37 mål då dei slo Stabæk 37-13 i 2011.
– Det er eit resultat av godt angrepsspel, seier Marta Tomac om scoringsrekorden.
Dette var altså Vipers sitt femte NM-gull. Det er framleis lang veg opp til Larvik si merittliste i cupen. Dei har vunne heile 17 gonger.
Molde-supporterar under cupfinalen i Jordal Amfi.
Foto: Christoffer Andersen / NTBAna Debelic blir spelt gjennom Molde-forsvaret og set ballen i mål for Vipers.
Foto: Christoffer Andersen / NTBNora Mørk i kjend stil for Vipers.
Foto: Christoffer Andersen / NTBElise Skinnehaugen og Molde vart fleire nummer for små i cupfinalen mot Vipers.
Foto: Christoffer Andersen / NTBIsabelle Gulldén og Vipers vann enkelt mot Molde i cupfinalen.
Foto: Christoffer Andersen / NTBHektisk Vipers-periode
Vipers Kristiansand er inne i ein særs hektisk periode.
Dei er i semifinalen i sluttspelet, der Molde også er motstandar. Vipers vann den første av tre semifinalar.
I tillegg er klubben klar for semifinale i meisterligaen for andre år på rad. I fjor vann sørlendingane meisterligaen.