– Ved fleire høve har han utøvd vald og trugslar mot tilsette på ein institusjon. Han også gjort skadeverk på inventer. I sum er det slik at politiet vurderer det slik at han umogleg kan bli på institusjonen, seier politistasjonssjef i Mandal, Bjart Gabrielsen til NRK.no.
– Han er uhandterleg
Bjart Gabrielsen
Foto: Jan Inge Thomassen / NRK– Han er uhandterleg i denne situasjonen. Då er det slik at påtalemakta må finne ein annan stad han kan vere, seier Gabrielsen.
Politiet opplyser at at 15-åringen har vore involvert i fleire situasjoner der han har sett fram trugslar og utøvd vald mot tilsette.
- LES OGSÅ: – Flyter av stoff i barnevernet
– Han har eit åtferdsproblem som har gjort at han har blitt plassert i ein institusjon. Så viser det seg at dei ikkje har lukkast med å hjelpe han til ein betre livsførsel, seier han.
Over 600 lovbrot
– Dette har eskalert og vi har komme til at han vert framstilt for varetektsfengsling. Det er i første rekkje for å forhindre han frå å gjere nye straffbare handlingar, seier politistasjonssjefen.
Barnevernsbarn har dei siste månadene begått over 600 lovbrot. Onsdag vart det klart at fem gutar i alderen 15 til 20 år er tiltalt for blant anna fleire ran og tjuveri.
- LES OGSÅ: Fem ungdommar tiltalt for ran
Gabrielsen fortel at tilsette har frykta 15-åringen.
– Det er ein betydeleg frustrasjon fordi slik han framstår er han meget vanskeleg å handtere og forholde seg til. Han har skapt frykt, seier han.
Kan få pusterom
– Ein ynskjer å lukkast med det ein er sett til å gjere og normalt sett bør det gå bra. Men i dette tilfellet har dei mislukkast med måten dei har forholdt seg til han på. Eg trur ikkje det skuldast at dei ikkje er flinke nok, men at problemstillinga er så kompleks at det ikkje har lete seg gjere, seier Gabrielsen.
- LES OGSÅ: Kasteballar mellom etatane
Politistasjonssjefen er klar på at det er med blanda kjensler påtalemakta ber om varetektsfengsling.
– Ideelt sett burde det har vore andre løysingar, men slik politiet ser det framstår det som den einaste moglegheita for at alle involverte kan få eit pusterom og politiet kan vere med på å hindre at han ikkje gjer nye straffbare forhold. I alle fall for ein periode, seier han.