Hopp til innhold

Fem ungdommar tiltalt for ran

Fem ungdommar frå «barnevernsbanden» som har herja på Sørlandet dei siste månadene er tiltalt og må møte i retten.

Tiltalt for ran på Sørlandet

TILTALE: Fem ungdommar må møte i retten etter ei rekkje lovbrot. Ungdommane står blant anna bak fleire ran og tilhøyrer «barnevernsbanden» på Sørlandet. (Arkivfoto)

Foto: NRK

Totalt fem ran, tjuveri av safe, biltjuveri og mobiltjuveri er det tiltalen går på i korte trekk, ifølgje fvn.no.

Ungdommane er i aldersgruppa 15 til 20 år. Ein 15 år gammal gut er blant anna tiltalt for det væpna ranet av Sparebanken Pluss på Rona i Kristiansand 19. juli. Der kom ranaren seg unna med 42 000 kroner.

Rana buss

Fvn.no skriv at ein 17-åring frå det høgreekstreme miljøet i byen skal ha stått bak planleggjing av ranet.

– Vi har ikkje belegg for å seie at nokon av ungdommane har nokon tilknyting til det høgreekstreme miljøet, seier etterforskingsleiar i Agder-politiet, Geir Hansen til NRK.no.

17-åringen skal ha motteke rundt 10 000 kroner frå ranet. Den same 17-åringen står også bak ranet av ein bensinstasjon på Hånes 12. juli.

Her skal han ha fått med seg ein sigarettpakke og 2000 kroner. 15-åringen er som er tilalt for ranet på Rona, skal her ha stått bak planleggjinga av ranet på bensinstasjonen. Han skal også ha stått vakt utanfor medan ranet pågjekk.

14. juli var alle dei fem involvert i eit bussran på Hånes. Ungdommane brukte ei jernstang og ein softgun til å truge til seg 3464 kroner frå bussjåføren.

Rana bensinstasjon

Dagen etter var 15-åringen, som står bak bankranet, på ferde igjen. 7 Eleven-stasjonen på Brennåsen i Songdalen vart utsett for eit ran. Softgun og kniv vart brukt mot dei to som var på jobb.

Ein 20-åring, som jobba ved bensinstasjonen, skal ifølgje avisa ha delteke i planleggjinga av ranet. Han skal også ha køyrt fluktbilen.

19. juli var fire av ungdommane med på å stele ein safe frå ein barnevernsinstitusjon på Mosby i Kristiansand.

Fekk med seg 100 kroner

21. juli var den tidlegare omtalte 15-åringen i Mandal, der han rana ein bensinstasjon. Guten fekk kun med seg 100 kroner frå ranet, men det vart sett inn store ressursar frå politiet for å finne guten.

Dei fem er også tiltalt for ei rekkje lovbrot som gjeld køyring utan førarkort og tjuveri.

Ungdommane må møte i Kristiansand tingrett 2. november.

► MEIR OM «BARNEVERNSBANDEN»

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,4 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %