Hopp til innhold

Vil sikre nye bevis før nye avhøyr

Politiet leitar etter våpen og andre bevis etter skytedramaet i Ålbæks havn i Danmark, der ein nordmann vart drepen. Dei vil ha nye bevis før dei gjer nye avhøyr av dei to sikta nordmennene.

Leitar etter bevis i Ålbæk

LEITAR: Dykkarar frå politiet har leita etter bevis i sjøen etter smuglingsforsøket i Ålbæk i Danmark.

Foto: Henning Bagger / NTB scanpix

Verner Holm, dansk politi

ETTERFORSKING: Politiinspektør Verner Holm etterforskar smuglingsforsøket.

Foto: Dansk TV2

Politiet har mellom anna vore på jakt etter våpen, eller andre bevis som kan ha noko å gjere med smuglingsforsøket i Danmark søndag kveld.

Så langt har ikkje søka resultert i funn.

– Vi sjekkar om noko er borte frå båten. Vi har ingen opplysningar om at det skal ha skjedd, seier politiinspektør Verner Holm ved Nordjylland politi til NRK.no.

– Vi vil vere sikre på at det ikkje ligg noko att, som er teke derifrå eller kasta over bord, seier han.

Politiet vil sikre så mange spor som mogleg før dei gjer nye avhøyr og samtalar med advokatane til dei to sikta nordmennene.

Vi vil presentere materialet vi har, slik at dei kan komme med ei meir detaljert forklaring, seier han.

Utelukkar ikkje fleire involverte

Væpna dansk politi aksjonerte søndag mot tre nordmenn, som skal ha forsøkt å smugle 250 kilo hasj.

Ein 49 år gammal mann frå Arendal prøvde å stikke av i ein hurtiggåande båt frå havna, saman med to andre nordmenn. 49-åringen vart skoten og drepen i ei skotveksling med dansk politi.

Ein 27 år gammal mann frå Vestfold vart skoten i brystet, men skal ikkje vere livstrugande skada.

Den tredje nordmannen, truleg ein 36 år gammal mann frå Romerike, erkjenner å ha vore i besittelse av 45 kilo av dei totalt 250 kiloa.

Dei to nordmennene er varetektsfengsla i fire veker etter smuglingsforsøket.

Dansk politi jobbar også med å finne ut om fleire personar kan vere involvert i smuglingsforsøket.

– Vi kan ikkje utelukke det. Det må etterforskinga vise, seier han.

Holm understrekar også at dansk politi nyttar store ressursar på saka.

– Vi brukar det som er naudsynt, seier Holm.

Ålbæk havn

UNDERSØKJING: Politiet har i heile dag gjort undersøkjingar i Ålbæk havn.

Foto: Rene Schutze / Ap

Har klaga på fengsling

Det er førebels uklart korleis 27-åringen stiller seg til siktelsen, fordi han ligg på sjukehus. Advokaten til mannen har klaga på at klienten er varetektsfengsla.

– Eg har klaga på kjennelsen fordi eg meiner at saka ikkje er tilstrekkeleg opplyst. Dette fordi min klient ikkje har vore tilstades, og ikkje har fått uttale seg, seier advokat Olav Pedersen.

Politiinspektør Verner Holm seier at politiet var budde på å bruke våpen under aksjonen mot nordmennene.

– Når ein jobbar med organisert kriminalitet, så møter ein innimellom våpen. Difor er vi så godt budde som vi kan vere i slike saker, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %