Det opplyser Kirsten Dyrman i Uafhængige Politiklagemyndighet (DUP) til nyheitsbyrået Ritzau. DUP svarar til Spesialeininga for politisaker i Noreg og granskar skytingen der ein 49 år gammal nordmann vart skoten av dansk politi søndag kveld.
Kort tid før skytinga begynte, hoppa ein betjent frå AKS, spesialstyrken til det danske etterretningspolitiet, frå ein dykkarbåt og over i båten til nordmennene, ifølgje DUP.
– Ein AKS-betjent hoppar over i båten etter at dei har køyrt inn i han og smadra motorane. Han hoppar over og blir deretter skoten, fortel Dyrman.
- BAKGRUNN: Alt om hasjsmuglarsaka i Danmark
Nærkamp
Etter kort tid med nærkamp skaut den norske mannen ifølgje politiet først og såra tenestemannen med to skot i lysken. Politiet svarte med å skyte og drap den norske 49-åringen med skot i hovudet og brystet. Skota trefte og såra også ein norsk 27-åring.
Oppgåva til DUP er å finne ut kva som skjedde då 49-åringen vart skoten og drepen. Blant anna skal granskarane avklare om nordmennene var varsla om at personane dei prøvde å stikke av frå, var politifolk.
– Det står att ein del avhøyr, og vi vil ikkje at noko skal komme ut før avhøyra er gjort, slik at alle kjem med same forklaring, seier Kirsten Dyrman.
– GPS i båten
Etter det Fædrelandsvennen erfarer vart GPS-utstyr plassert i den hurtiggåande båten – ein såkalla rib – før nordmennene la ut frå Arendal med kurs for den danske byen Ålbæk. Ifølgje avisa brukte båten éin time på kryssinga av Skagerrak, og det var venta at nordmennene skulle returnere innan tre timar.
Politiet visste ikkje kva norsk hamn dei tre mennene hadde planar om å gå til kai i, og difor skal kystvaktskipet Nornen har vore stasjonert mellom Kristiansand og Arendal.
Ingen kommentar
Leiaren for avsnittet for organisert kriminalitet i Agder politidistrikt, Leif Vagle, ønskjer ikkje å kommentere saka overfor Fædrelandsvennen.
– Vi har vorte einige med dansk politi om at det er dei som skal uttale seg i saka, difor ønskjer eg ikkje å kommentere desse opplysningane, seier Vagle.
Sjefpolitiinspektør Claus Hilborg ved Nord-Jyllands politi opplyser at det kom ein førespurnad om saka frå norsk politi i 2012.
– Ettersom vi ikkje visste heilt når, så har vi lagt ein plan, og vi har samarbeidd med norsk politi. Sidan vi fekk eit forvarsel, var dette ein planlagt aksjon, seier Hilborg.
Den 49 år mannen frå Arendal kjørte hurtigbåten frå Noreg og inn til småbåthamna i Ålbæk, som ligg mellom Frederikshavn og Skagen. Der vart han møtt av dei to landsmennene, og dei tre mennene skal ha vore i ferd med å laste over fleire hundre kilo hasj i båten då politiet slo til.
Bakmenn
Politiet og Tollvesenet jobbar framleis med å finne bakmennene etter at smuglingen av 250 kilo hasj vart stansa i Danmark. Det skal vere sett i gang undersøkingar rundt namngjevne personar.
De to arresterte nordmennene i saka, ein 27-åring og ein 36-åring, er varetektsfengsla, sikta for narkotikakriminalitet. Begge har anka rettsavgjerda. 36-åringen innrømte tilknyting til narkotikaen, men berre til 45 kilo av det 250 kilo store partiet.