Hopp til innhold

Vil ha «is-politi» i Arendal

Glatte vegar og fortau har ført til mange fallskader. No vil Venstre i Arendal at parkeringsvaktene i byen skal bli «is-politi».

"Is-politi"

«IS-POLITI»: Jan Kløvstad i Arendal Venstre vil at parkeringsvaktene i byen skal passe på at fortaua er godt nok strødd. (Arkivfoto)

Foto: NRK

Det er huseigarane som har ansvaret for å strø. Men mange gir blaffen og fortaua blir speilglatte.

– Vi vil at dei skal varsle huseigaren om å få orden på forholda, seier Jan Kløvstad frå Venste til NRK.no.

Opptatt politi

– Viss dei ikkje får orden på forholda får dei be politiet rydde opp, seier han.

– Vårt poeng er at vi tykkjer at politiet har mykje å gjere. VI vil at vi skal løyse utfordringane på eit lågaste mogleg nivå. Difor vil vi at parkeringsvaktene skal trå til, seier han.

Venstre tok opp saka første gang i juni i fjor då politivedtektene vart diskutert.

– Ingen er betre kjende enn dei i gatene. Dei kan sjå etter når det er farleg, seier han.

Farlege situasjonar

Glatte fortau gjer at folk heller vel å gå på vegane, som igjen skapar problem for biltrafikken.

– Det er ein god del farlege situasjonar med folk som held på å falle, og bilar som må rygge fordi det er enkelte stader det er glatt ute i gata også, seier Kløvstad.

– Det er huseigarane som har ansvaret for å strø, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %