– Dette var stor stas for oss. Det er ein ærefull pris som heng veldig høgt for dei som jobbar med seksuelle overgrep i kvardagen, seier Jarle Holseter til NRK.
Søgne-mannen som er ein av mennene bak nettstaden. Holseter meiner samfunnet gløymer at også menn kan bli utsett for seksuelle overgrep.
– Gutane vert ofte gløymde
– Vi føler litt på at støtteapparat og senter er veldig godt lagt til rette for jentene, og ære vere dei for det, men gutane vert ofte gløymde og det ynskjer vi å gjere noko med, seier han.
Bak nettstaden står mellom 15 og 20 menn frå heile landet som alle har blitt utsett for overgrep i oppveksten.
– Vi har klart å reise oss igjen. Vår jobb er å synleggjere at det faktisk går å få eit bra liv dersom ein får riktig behandling og terapi. Så har vi ein jobb i forhold til samfunnet føler vi. Å belyse at også gutar opplever seksuelle overgrep. Det er eit tabu som samfunnet etterkvart blir klar over trur eg, seier han.
Holseter fortel at nettstaden opplever å få mange spørsmål frå gutar og menn kring overgrep.
Stolt over prisen
– Det er ein merkbar auke kvar gang vi er ute og held foredrag eller fagkonferansar. Då merkar vi auke på nettstaden i form av spørsmål, seier han.
Tidlegare har forfattar Herbjørg Wassmo og barne- og likestillingsminister Inga Marte Thorkildsen motteke prisen.
– Det viser kor høgt denne prisen heng. Det er jo støttesentera rundt om i landet som stemmer fram beste organisasjon eller enkeltperson, så den heng høgt, seier han.
– Dette er bensin på tanken for oss. No kan vi jobbe vidare. Det er veldig hyggeleg å bli anerkjent for det vi held på med. Det er klart at dette betyr mykje, seier han.