Hopp til innhold

Unge Høgre vil ha dramatiske kutt: – Det hastar for vår generasjon

Unge Høgre føresler å legge ned fylkeskommunane for å sikre velferdsstaten. – Ikkje mogeleg, svarer fylkesordførar.

Siri Heimdal Knudsen

Siri Heimdal Knudsen er leiar for Agder Unge Høgre. Ho seier kutt i fylkeskommunen må skje no, for at hennar generasjon skal nyte av velferdsstaten.

Foto: Ada Drevdal Bjøranger / NRK

– Viss ikkje det er no ein skal kutte, trur eg det aldri blir gjort, og då er det vår generasjon som vil få kjenne konsekvensane av det.

Det seier fylkesleiar i Agder Unge Høgre, Siri Heimdal Knudsen (18).

Ho meiner hennar generasjon står føre mange store kriser som ikkje deira foreldre kjem til å oppleve.

– Olja får mindre avkastning, vi får fleire eldre, og ein enorm klimakrise som vil koste oss veldig mykje pengar, seier Knudsen.

For å rigge for desse utfordringane meiner Agder Unge Høgre at fylkeskommunen er eit overflødig forvaltningsnivå som bør leggjast ned.

Så lenge fylkeskommunen framleis eksisterer, skal ungdomspartiet arbeide for streng økonomisk styring og tøffe prioriteringar av pengar i offentleg sektor.

Eg trur at mange politikarar har levd ganske lett med å vere politikar fram til no. Dei kan bere kaste pengar på problemer og gi pengar til det ein vil, seier Heimdal Knudsen.

I helga skal ungdomspartiet presentere kuttforslag på fylkesårsmøtet i Agder Høgre.

Og det hastar det å få kutta gjennom, ifølgje fylkesleiaren.

Unge høyre

Johannes Strømberg og Siri Heimdal Knudsen i Agder Unge Høgre vil ha strengare økonomisk styring i fylkeskommunen.

Foto: Ada Drevdal Bjøranger / NRK

Etterlyser tøffe prioriteringar

– Min og vår generasjon er den første generasjonen som ikkje får dei same moglegheitene som foreldra våre. Vi føresler kutta for at vi også skal få nyte av velferdsstaten.

Sjå alle forslag til Agder Unge Høgre lenger ned i artikkelen.

Konsekvensane av den politikken vi førar no, vil få enda større konsekvensar for min generasjon. Da må også fylkeskommunen ta sin del av ansvaret, seier Knudsen.

Nokre av kutta Unge Høgre vil føreslå er:

  • Redusere pengar til kulturtilbod og å legge ned den kulturelle skulesekken
  • Dei vil la private aktørar eige og drifte museum, og la private levere velferdstenester.
  • Dei vil stille krav om 75 prosent oppfyllingsgrad før det opprettast skuleklassar.
  • Barbere lønningar til politikarane

Dette meiner Agder Unge Høgre må til for å spare nok til framtidige generasjonar.

Tar meir ansvar enn vaksne

Håkon Snortheim er nestleiar i Unge Høgres Landsforbund.

Han seier dei stiller seg bak at fylkeskommunen bør avviklast.

Det gir kommunane og innbyggjarane meir makt til å påverke lokalsamfunnet sitt.

Forslaga frå Agder Unge Høgre er modige og viser at dei tek meir ansvar enn mange godt vaksne politikarar, seier Snortheim.

Einig i bekymringa

Men forslaget frå Unge Høgre møter motstand.

Fylkesleiar i AUF Agder, Jesper Thoresen (18), seier han er einige med Unge Høgre i bekymringa for dårleg økonomisk styring av fylkeskommunen.

Men han er ueinig i at det er kutt i velferdstilboda til fylkeskommunen, som løyser dei.

AUF Agder meiner også at forslaget om oppfyllingsgrad i skulen, og ein sentralisert skulestruktur ikkje er berekraftig.

– Vi er i mot eit samfunn der bebuarar i distrikta tvingast til å flytte frå bygdene for å gå på skule, skriv Thoresen til NRK.

Jesper Thoresen

Jesper Thoresen er leiar i Agder AUF. Han meiner ikkje kutt i fylkeskommunen er løysinga.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Fylkesleiar i Agder Senterungdom Nora Rudjord (21) er også bekymra for kravet om fleire elevar for å opprette nye skuleklassar.

– For enkelte av distriktsskulane vil dette blir svært utfordrande og resultatet blir eit dårlegare tilbod i distrikta, seier ho.

Ho er klar over at pengekassa blir strammare i tida framover, men meiner det ikkje er riktig av eit ungdomsparti å føreslå kutt i tilboda til unge på regionalt nivå.

Senterungdommen er også ueinige i kutta i offentleg støtte til kulturtilbod.

– Eg er skeptisk til at private interesser skal styre korleis vi framstiller fortida og historia vår.

Nora Rudjord (21) fylkesleder i Agder Senterungdom

Nora Rudjord er skeptisk til kutt i offentleg støtte til kulturtilbod.

Foto: Privat

– Dramatiske konsekvensar

Direktør for Vest-Agder museet, John Olsen, seier kutt i støtta vil gå direkte utover drifta.

I ytste konsekvens kan det bety kroken på døra for nokre museum.

Et kutt i tilskot vil veldig fort få ganske dramatiske konsekvensar når det gjeld opningstid og tilbod til publikum, seier Olsen.

Han forklarer at mange av museets utgifter ikkje kan kuttast, som straum og forsikring.

I tillegg må vi sikre og halde ved like bygg og anlegg, til dømes Setesdalsbanen. Det bør ikkje vere sånn at det berre er generasjonen som lever no som får oppleve disse. Det må takast vare på.

Å få private pengar til løpande drift har vore krevjande.

Vi ser ein generell oppfatning av at museum og den typen kulturinstitusjonar er eit offentleg ansvar, seier Olsen.

John Olsen museumsdirektør ved Vest-Agder-museet

John Olsen fryktar korleis slanking av museumsorganisasjonar vil ramme drifta.

Foto: Hanne Rebecca Nilsen / NRK

Best eigna til å styre pengeboka

Arne Thomassen er fylkesordførar i Agder og Høgre-politikar.

– Fylkeskommunen har utruleg mange viktige roller. Blant anna innan utdanning, folkehelse, tannhelse, regional utvikling og kultur, og er nøydd til å fortsette å levere desse på ein god måte.

Han delar ikkje same oppfatninga som Knudsen, av fylkeskommunen som overflødig.

Skulle ein stilt spørsmål ved fylkeskommunen si framtid, så må ein ha ein heilt annan kommunestruktur. Slik vi er rigga i Noreg i dag kan ein ikkje klare seg utan fylkeskommunen.

Thomassen meiner fylkeskommunen har ein sunn og god økonomistyring.

Du kan ikkje få nokon betre til å styre pengeboka enn fylkeskommunen, meiner Thomassen.

Arne Thomassen

Fylkesordførar Arne Thomassen meiner det ikkje går an å avvikle fylkeskommunen slik kommunane er bygd opp i dag.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %