Hopp til innhold

19-åring omkom i ATV-ulykke

Ein 19 år gammal mann omkom i ei ulykke med ein firehjuling i Kvinesdal natt til laurdag.

Ein 19 år gammal mann omkom i ei ulykke med ein firehjuling i Kvinesdal natt til laurdag.

Ulykka skjedde på fylkesveg 465 nær Åmot. FOTO: TOR MAGNE GAUSDAL

Ulykka skjedde langs fylkesveg 465 nær Åmot fredag kveld. Politiet vart varsla om ulykka ved 22.45-tida.

Nokre timar seinare kom meldinga om at mannen var død.

– Det vi veit førebels er at han har køyrt frå Kvinesdal sentrum. I ein sving rett før Åmotsbrua har han mista kontrollen og køyrt av vegen, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Ingrid Mæhre til NRK.

Skal gjere fleire avhøyr

Det er førebels ikkje noko som tyder på at andre køyretøy har vore blanda inn i ulykka.

– Han har vore aleine, seier Mæhre.

Laurdag held politiet fram etterforsking for å prøve å finne årsaka til at mannen køyrde av vegen.

– Vi skal avhøyre personar som han var saman med før hendinga og eventuelle vitne som har gjort observasjonar, seier operasjonsleiaren.

Dødsulykke i Kvinesdal

Politiet skal prøve å finne årsaka til ulykka laurdag.

Foto: Tor Magne Gausdal

Opnar menighetshus

Kriminalteknikarar og teknikarar frå Statens vegvesen har undersøkt ulykkesstaden.

– No gjenstår det å undersøke ATV-en nærare. Den er taua inn og sett i forvaring hos oss for å gjere nærare undersøking av den, seier Mæhre.

Menighetshuset i Kvinesdal er opna etter ulykka, og kommunen sitt kriseteam er varsla.

– Rutinemessig når vi har hendingar som dette på ein liten stad, så varslar vi kommunen sitt kriseteam. Her er Kvinesdal kommune veldig gode. Dei vil stille opp med personell for å vareta personar som kan ha behov for samtale eller støtte, seier Mæhre.

Kvinesdal