NRK Meny
Normal

Trur på ØIF-suksess i Europa

Terje Østerhus trur ØIF Arendal er gode nok til å nå finalen i europacupen Challenge Cup. I helga kvalifiserte laget seg til åttendelsfinalen.

Terje Østeerhus, ØIF Arendal

E-CUP: Terje Østerhus trur ØIF Arendal kan bite godt ifrå seg i europacupen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi kan gå heilt til topps. Semifinale trur eg er fullt mogleg, seier han til NRK.no.

Terje Østerhus har sjølv spelt finale i europacupen tidlegare. For tre år sidan var han i finalen med Drammen. Der vart det tap mot rumenske Resita på bortemålsregelen.

Rundspelte tyrkarar

No håpar han den erfaringa kan vere med på å hjelpe ØIF Arendal til europacup-suksess.

– Eg har sett alle laga som er med. Eg har sett kva motstand vi kan møte undervegs. Det er kanskje først i kvartfinalen og i semifinalen dei verkeleg gode laga kjem. Men der vert det tøft, seier han.

Helgas to kampar mot tyrkiske Bachesir Koleji var enkelt for ØIF Arendal. Laget vann med nesten 30 mål samanlagt.

– Totalt sett er det vanskeleg å halde konsentrasjonen gjennom 2 gonger 30 minutt når ein er såpass mykje betre enn motstandaren. Men eg tykkjer vi klarar det på ein akseptabel måte, seier trenar Leif Gautestad.

Andre Jørgensen, ØIF Arendal

VIKTIG: Andre Jørgensen blir ein viktig mann for ØIF Arendal i Europa.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Trenaren: – Langt fram

Gautestad vil ta ein kamp av gangen og vil ikke tenkje på finale endå.

– Vi kan jo drøyme om det og håpe på det. Derifrå til at det vert noko er eit stykke. No er vi i alle fall forbi det første hinderet, seier trenaren.

Europacupfinale med Drammen var stort. Men å få spele finale med ØIF Arendal vil bli endå større, trur Terje Østerhus.

– Dette er modeklubben min, så det er klart det vil bli ekstra spesielt. Eg har røtene mine her, så det hadde vore morro å få til noko her i Arendal og få sett Arendal på kartet, seier Østerhus.

No er spørsmålet kven ØIF Arendal møter i åttendelsfinalen.

Leif Gautestad, ØIF Arendal

VIDARE: Leif Gautestad sine menn er klare for åttendelsfinalen i europacupen Challenge cup.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Håpar på Thailand

– Eg håpar vi får ein motstandar der vi slepp å få ei altfor slitsam reise, seier Østerhus.

– Eg håpar vi unngår å trekkje Stord som er i den same cupen. Det hadde vore litt kjipt. Men utover det må vi ta det vi får, seier Leif Gautestad.

– Eirik Heia Pedersen håpar vi trekk ei lag frå Thailand. Eg veit ikkje om det er så lett i europacupen, men vi kryssar fingrane for Thailand, ler keeper Svenn Erik Medhus.