Episoden skjedde klokka 15 på kjøpesenteret Amfi Arena i Arendal sentrum laurdag ettermiddag.
– Vektaren overraska mannen i det han prøvde å stele ei vare på ein butikk. Mannen oppførte seg trugande overfor vektaren og vifta med ein kniv før han stakk av, seier operasjonsleiar ved Agder politidistrikt, Bård Austad til NRK.no.
Ifølgje politiet var mannen rusa. Ingen personar er påført skade, men politiet har sendt ut mannskap for å finne mannen.
– Vi veit ikkje kvar han er, eller kven denne mannen er. Men vi legg ned arbeid for å finne han, seier Austad.