– Ordninga er fullt lovleg og vanleg i meninghetssamanheng. Banken ynskjer ikkje å bli oppfatta som at vi gjennom ei slik ordning oppfordrar menneske til å ta på seg auka gjeldsbelasting, skriv banken i ei pressemelding.
Bakgrunnen for saka er at menigheten Filadelfia vil samle inn 25 millionar kroner i samband med bygging av eit nytt menighetsbygg i Kristiansand.
Menigheten inngjekk ei spesialavtale med banken der dei tilbaud medlemmer, som manglar kontantar, lån med gunstig rente.
I brevet som vart sendt ut til medlemmene gjekk det fram at menigheten kan stå som garantist dersom det er naudsynt. I brevet vart det også nemnt 50 000 og 100 000 kroner som døme på lånebeløp.
Dette fekk regiondirektør Eirik Nyberg i Forbrukarrådet til å reagere.
– Mange vil meine dette er eit døme på frekkhetens nådegåve. Ein bør gje gåver av eit overskot ein har, ikkje gjennom å stifte gjeld, og særleg ikkje gjeld ein ikkje har sikkerheit for, sa han til Fædrelandsvennen.
No har Spareskillingbanken altså valt å trekke tilbake avtala.
– Mange har likevel reagert på ordninga og oppfattar koplinga mellom lånefinansiering og frivillige gåver til menigheten uheldig. Menigheten sin intensjon har heller ikkje vore å legge press på medlemmer, men å legge til rette ei låneordning som eit frivillig alternativ, skriv banken i pressemeldinga.