Hopp til innhold

Rykte ut på tre brannar på tre timar

I løpet av tre timar søndag føremiddag måtte brannvesenet på Sørlandet rykkje ut tre gonger på kratt- og skogbrannar.

Skogbrann i Vennesla

Brannvesenet måtte mellom anna rykkje ut til ein skogbrann i Vennesla. Brannen starta etter ein feil i ein transformator.

Foto: Knut Knudsen Eigeland/NRK

– Det er veldig tørt. Vi må berre gjenta at folk må vere særs forsiktige med bruk av eld, seier operatør ved 110-sentralen på Agder, Stig Trondsen til NRK.

I 9-tida søndag rykte brannvesenet ut til det dei trudde var ein brann i Gjerstad. Det viste seg etter kvart at det var ein bråtebrann.

Brann i transformator spreidde seg

Ein time seinare var brannvesenet igjen på farten. Denne gangen til ein krattbrann på Akland i Risør. Kring to timar seinare var brannen sløkt.

Ved 11-tida braut det ut ein brann i ein transformator ved Steinfoss kraftstasjon i Vennesla. Kring tre timar seinare fekk brannvesenet kontroll over brannen. Årsaka til brannen skal ha vore ein leidning som fall ned og førte til jordfeil.

– Det er veldig tørt mange stader og skogbrannfareindeksen går oppover heile tida, seier Trondsen.

Det er på Sørlandet og Austlandet skogbrannfaren er størst.

På Kongsberg i Buskerud, Nissedal i Telemark, Åmli og Froland i Aust-Agder er det svært stor skogbrannfare ifølgje yr.no si oversikt.

Full beredskap

– Vi har full beredskap så godt det let seg gjere. Men som sagt må folk vere særs forsiktige, seier Trondsen ved 110-sentralen på Agder.

Også laurdag måtte brannvesenet ut på ei rekkje brannar på Sørlandet. I Flekkefjord vart 14 båthus totalskadd i ein brann.

I Søgne fekk brannvesenet raskt kontroll over ein krattbrann ved Grøvansveien. På Valdro brann ein låve ned laurdag kveld.

Skogbrannfare på Sørlandet

Det er stor skogbrannfare mellom anna på Sørlandet.

Foto: Skjermdump yr.no

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,17 kr
Dyrest kl. 08 2,04 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %