– I forkant av ulykka tok politiet imot fleire telefonar frå bilistar som reagerte på traileren si køyring. Fleire beskreiv nestenulykker, seier operasjonsleiar i Agder politidistrikt, Knut Odde.
Då politiet fekk melding om ulykka var dei alt på vegen for å stoppe traileren.
– Føraren er mistenkt for promillekøyring og blodprøve vil bli sikra. Han vil også bli pågripen, seier Odde.
Føraren uskadd
Rundt klokka 11:30 var det manuell dirigering på staden.
Då hadde vegen vore stengd i godt over ein time.
– Føraren framstår som uskadd, men vert køyrd til sjukehus for sjekk i og med at det er store materielle skader, seier Odde.
Politiet vart varsla om trailervelten klokka 10 laurdag.
Ulykkesstaden ligg nokre kilometer aust for Flekkefjord, og er hovudfartsåra mellom Kristiansand og Stavanger.
Ein trailer har velta like ved tunnelopninga i Lindlandstunnelen på E39 i Kvinesdal.
Foto: Lars Frøsland / Avisen AgderBilbergar på veg
– Bilbergar er undervegs, men det er uklart kor lang tid det vil ta å rydde vegen, sa Odde kort tid etter ulykka.
Politiet måtte be folk som sto i kø om å ver tolmodige og ikkje byrje å køyre mot køyreretninga.
– Dette skapar farlege situasjonar, skrev operasjonssentralen til Agder-politiet.
Vegtrafikksentralen opplyste rett før klokka 15 at vegen var opna igjen.