NRK Meny
Normal

Køyrde i fjellveggen på E39 - to til sjukehus

To personar er sende til sjukehuset i Flekkefjord etter ei trafikkulykke i Fedaheitunnelen på E39 i Kvinesdal.

Trafikkulykke på E39 i Kvinesdal

Ulykkesbilen inne i tunnelen.

Foto: LARS FRØSLAND/AGDER

Det er førebels uklart om det er snakk om alvorlege skader.

Ifølgje politiet skal det kun ha vore ein bil involvert i ulykka som skjedde i vestgåande felt.

Bilen skal ha køyrt i autovernet der vegen deler seg i to løp inne i tunnelen.

Tilstanden til ei kvinne i 80-åra, som var i bilen, er uavklara, ifølgje sjukehuset i Flekkefjord.

Tilstanden til den andre personen er ikkje kjent.

Trafikkulykke Fedaheitunnelen

Bilen kolliderte i autovernet i tunnelen.

Foto: Geir Ingar Egeland/NRK
Trafikkulykke Fedaheitunnelen

Ulykka skjedde inn i Fedaheitunnelen på E39.

Foto: Geir Ingar Egeland / NRK